Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Svinestranda++

Date:
15.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:05h
Distance:
10.0km

Køyrte opp bomvegen til Autrheimsstølen og gjekk merka løype opp til Svinestranda og vidare til Skarshammaren, som tydelegvis er det lokale namnet på høgste punktet til svinestranda. Sikta meg vidare inn på Nonstua. Der fekk eg fin utsikt over indre del av Nordfjorden. Eg såg det an til at eg kunne ta turen som ein rundtur og sikta meg inn på Svarthammaren utan noko sti. Ikkje noko problem å komme seg ned og deretter komme inn på den merka stien mellom Svinestranda og Svarthammaren. Hadde ein avstikkar på den andre toppen av Svarthammaren for så å følge merka rute nedatt til Austrheimsstølen. Litt regn i starten av turen, men ikkje nok til at eg vart våt. Sola kom fram etterkvart. Ein del vind på toppen.

Map    

Høgenipa

Date:
14.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:41h
Distance:
11.4km

Såg an at det kunne bli opplett på Skei i dag og Høgenipa har stått på ønskjelista. Starta ved parkeringa, der det er skilta til Nyken. God sti og god merking heile vege på toppen. Noko bratt opp frå Nyken og til Skafonnfjellet, men ikkje noko problem å gå. Skiftande ver på toppane rundt, men desse toppane gjekk "klar". Litt vind og nokre små snøfnugg i løpet av turen. Bra utsikt heile turen både over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet. Litt snø i stien frå Skafonnfjellet og opp det siste stykket til Høgenipa, men det var ikkje mykje. Bør vel vurdere brodder dersom det vert kaldare, men ingen problem å gå denne gongen.

Map    

Gytta

Date:
12.11.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
0:30h
Distance:
2.0km
Map    

Gytta

Date:
10.11.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
0:30h
Distance:
2.2km
Map    

Gytta

Date:
09.11.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
0:33h
Distance:
2.1km
Map    

Langefjellet og Kjeringa

Date:
08.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:57h
Distance:
11.7km

Parkerte ved avkjørsla i Avenbukta og fulgte merking mot Soheimskulten opp forbi Avestølen. På veg opp var det noko tåke, men det letta då eg kom litt høgare opp. Eg lurte ei stund på om det var mogleg å gå rett opp mot toppen etter at eg hadde passert Heimestølen, men eg fulgte merkinga likevel heilt til toppen. Toppen var ikkje merka noko spesielt og eg gjekk vidare til varden ved Kjeringa. Der var også betre utsikt. På veg nedatt tok eg sikte på vatna "Tangen", som eg passerte før eg kom til Avestølen. Det var ingen problem å gå ned denne vegen, sjølv om det ikkje var merka. Litt blautt i stien, så her bør ein ha med seg fjellsko som tåler vatn.

Map    

Laviksåta

Date:
01.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
4.0km

Det var meldt noko regn, men sidan været faktisk var ganske bra, tok eg sjansen på ein tur. Køyrte mot Lavik og opp Lavikdalen. Køyrte opp dalen nokre få km og parkerte på venstre side av vegen med god parkering og tydeleg merka mot Laviksåta. Stien starta ved parkeringa og over ei bru mot Lavikstølen. Bratt opp lia mot toppen. Stien er godt merka oppover bakkane. Men det var noko blautt etter mykje regn dei siste dagane. Noko regn og vind oppover, men med flott utsikt utover Sognefjorden og mot Hyllestad og blandt anna Lihesten. Gjekk litt rundt på toppen for å sjå meg om. Vinden gjorde at det ikkje var til at eg blei ståande på toppen. På veg nedatt vurderte eg ein tur på Handalsnipa, men sidan det kunne sjå til at det ikkje kom til å regne noko mindre, fann eg ut at eg >>>

Map