Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (2)
- Other trip (1)
- Ski trip (2)
Favourite trips
Favourite peaks
StikkUt Hornseten
- Date:
- 18.07.2026
StikkUt tur Hornseten. Testa ut dei nye trappene som har vorte laga opp frå Nørvågen. Fine trinn sa Gunn, som var fornøgd med at trinna ikkje var for høge. Bratt oppover- reinaste ovarennet i ein hoppbakke.
Diskgolf Kjeldsund
- Date:
- 16.07.2026
- Duration:
- 1:07h
- Distance:
- 2.8km
Du verda, på heimebane. Ei flott diskgolfbane. Med Ulrik og GunnC
Storåsen og Lilleåsen-Florø
- Date:
- 15.07.2026
- Duration:
- 1:10h
- Distance:
- 3.9km
Runde i Florø. Fin utsikt frå utsiktspunktet mot Storåsen og frå den gamle vanntanken på Lilleåsen.
Diskgolf Førde
- Date:
- 15.07.2026
- Duration:
- 1:38h
- Distance:
- 3.5km
På heimveg, runde med diskgolf i Førde. Får ikkje heilt inn teknikken på denne sporten her. Det går i hytt og pine, men artig får sjå nye plassar og mykje tøy og bøy i all leitinga. Med Ulrik og GunnC.
Diskgolf Florø
- Date:
- 14.07.2026
- Duration:
- 1:49h
- Distance:
- 4.6km
Eggenipa
- Date:
- 13.07.2026
- Duration:
- 8:42h
- Distance:
- 12.4km
For ein dag og for ein tur! Starta frå parkeringa på Bjønnaspøtet og fulgte den nye stien opp til topps. Flott tillaga sti og trapper. Sett nedanfrå, så ser det bratt og uframkomleg ut. Men det løyser seg i avsatsar oppover, og når ein i tillegg lagar luksusrute, så er dette alt ein slager i fjellandet. Vi møtte sherpalaget som jobba nær toppen. Spett, tau og handemakt. Respekt for dei karane der! Vi tok rundturen og gjekk over fjellet før vi runda ned i dalen til slutt. På denne delen var det folkefritt, kun mektig natur. Gutta sprang i veg nedatt frå S3-toppen for å bade og hente bil opp til p-plass lengst oppe i dalen til oss gamlingane. Med på tur var Ulrik, Ørjan og GunnC.
Gjøna
- Date:
- 11.07.2026
- Duration:
- 4:45h
- Distance:
- 9.6km
Super tur saman med Ørjan og GunnC. Oppgang frå Haugsbygda før vi rausa nedatt i Gjerdsvika på Muren. Først StikkUt på Haugshornet før flotte Saursegga og Gjøna. Ei fantastisk utsikt på egga over med Haugsbygda og Gjerdsvika under på kvar side og vide horisonten forut.Magisk.
Gapahuken Gjønasikt var også utrulig flott. Nedturen vart jo bratta nedatt, Stien nedatt der vi gjekk, er eit pågåande dugnadsprosjekt, godt merka men mangla trakk. Blir vel bedre når der går mange nok folk
Grøthornet og Litletinden
- Date:
- 08.07.2026
- Duration:
- 5:28h
- Distance:
- 14.8km
Tur med Ørjan. Parkerte i kryss før sætervegen og gjekk den opp til Kvanndalssætra. Sikta oss rett opp i retning Grøthørnet. Fann ingen klar sti, så det vart litt kaving i krattskog og laus ur bratt 500m oppover. Men kva gjer vel det, når Grøthorn#13 kom i box. Skodda ville ikkje sleppe og frå ca 1000 moh vart det dårlegare sikt. Ryggen oppover mot Litletinden var kjekk å gå. Men såg ikkje sjølve toppen før vi omtrent kom opp. Litt bratt øvst, men ikkje direkte utsatt, Toppen var kul og muligheit for tinderangling bortover. Litletinden spelte seg soleis inn på topplista mi. Ein litt gøymd kremtopp som ein må sveitte litt for å få tak i.Retur nedatt via Eidstuva og Tuekollen og bushing gjennom kratt og småskog nedatt til bilen.
Melshornet og Grøthornet
- Date:
- 05.07.2026
- Duration:
- 3:17h
- Distance:
- 10.1km
Sjelden sak, heile gjengen på tur i lag. Turmålet var Melshornet på langs. Eit Grøthorn til samlinga - nr 12 var heller ikkje så verst. Skumle skyer over Melshornet på turen, så det dempa l Men vi kom oss over sjølv om det vart nokre regnbyger og trasig jungelsti nedatt til Overå. I dag vart den til ein attgrodd bekk. StikkUt-tur var det også!
StikkUt Aurvollegga
- Date:
- 28.06.2026
- Duration:
- 1:23h
- Distance:
- 3.5km
StikkUt med GunnC. Anbefalast. For det er ein finfin tur til Aurvollegga.
Hansken til ei forhistorisk kjempe som budde her på Egga?
