Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Brendeåsen

Datum:
06.10.2025

Runda i skogen, kveldstur så haudelykta var på. Bommen i lysløypa til Brendeåsen og heimatt- vååått. Med GunnC Stormen Amy var skikkelig kraftig natt til laurdag, fleire rotvelt rundtomkring.

Overgang Moltu-Leikong

Datum:
05.10.2025
Entfernung:
13,7km

Gunn og eg på langtur. Start frå parkeringa i Moltudalen. Gjekk først på Hestefjellet, deretter vidare til Sollia. Pausa der i le for skoddevinden. Heimattover til Rjåhornet. Fekk oss ein omgang med regnbyger der og på vegen nedatt via Bakkehammeren. Stive, våte og støle kom oss (endeleg) til parkeringa ved Leikong kirka. Ny pers for langtur i år på oss begge. Super tur!

Karte    

Brendeåsen

Datum:
03.10.2025

Runda i skogen

Høgåsen

Datum:
01.10.2025
Entfernung:
2,1km

Fin liten tur før Ulrik &co skulle spele kamp mot Ørsta. Starta og slutta ved Hovden skule. Mange fine stiar i området.

Karte    

Kvitefjell-Loen

Datum:
30.09.2025
Entfernung:
2,8km

Kurs i Loen. Liten tur på ein varm og fin ettermiddag. Starta i frå idylliske Lovatnet

Karte    

Storetua og Røddalshornet

Datum:
28.09.2025

Finfin tur i flott ver og godt selskap med GunnC. Frå Holtane på Brekke og nedatt på parkeringa ved Røddalshornet. Ein overgang som vi lika godt

Heida

Datum:
26.09.2025

Kveldstur- med GC

Gyrinakken

Datum:
07.09.2025

Trimmings i lag med GC, fint ver

Vasshornet og Laupsnipa

Datum:
30.08.2025
Entfernung:
7,2km

Fint ver og ny kjempefin tur. Vasshornet til Laupsnipa frå Almestad og nedatt i Voldnes. Dette er ein flott overgang med rygg og kvasse Keipen som eit høgdepunkt Med på tur var GunnC

Karte    

Blæjevatnet rundt

Datum:
28.08.2025
Entfernung:
12,2km

Magisk! For ein tur rundt Blæjevatnet. Opp og ned på egg,rygg og kanter. Ein av dei finaste eg har gått. Perfekt reisefølge med Ørjan og turveret stod i stil. Parkerte på Røfsdalssætra, oppover i skog til hytta Tåbrotet og vidare opp i dalen. Gjekk litt feil ved stidelet, men henta oss greit inn. Lisjeblæja (1032moh) er eit stilig fjell og klyvinga mot toppen var artig og heilt trygg. Motbakkane kjentes i og svei leggane då vi kom opp til varden. Høgste toppen var litt lenger inn på ryggen. Deretter var det berre å nyte ein kjempeflott egg opp-ned og bortover til oppstiginga til Blæja (1143 moh). Kjempeflott rundskue derifrå. Den blåmerka retninga synte vegen vidare og bratt ned til Blæjeskaret (ca 900 moh) der ein fekk oversikta over herligheita med skue mot vatnet og tindane >>>

Karte