Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Bygdøy

Dato:
27.07.2025
Distanse:
3,3km

Sommarferie25 Byvandring i Oslo. I dag ei runde på Bygdøy

Kart    

Frognerparken/Vigelandsparken

Dato:
26.07.2025
Distanse:
4,6km

Sommerferien 25 Byvandring Frognerparken

Kart    

Høgevarde

Dato:
25.07.2025
Distanse:
11,4km

Nok ein fin sommardag. Ulrik, Ørjan,GC og meg til Høgevarde. Flott turterreng. Vi gjekk straka vegen opp i frå Tempelsætra. Gutta ville ha litt meir tempo, så dei susa seg bort til Ranten frå Høgevarde på kjappe 37 min. Godt nokon er spreke! GC og eg retur via Kringleåsen og off-pist nedatt til vi traff stien igjen. Traff på fleire lemen og skremte ein hare.

Kart    

Diskgolf Beito

Dato:
23.07.2025
Turtype:
Annen tur
Distanse:
2,2km

Sommarferie 2025 Disk-golf er kjekt. Får sjå ulike baner og natur rundtomkring. Beitostølen si bane er på skistadion. Eg busha mest sidan eg kastar så elendig

Kart    

Bitihorn

Dato:
23.07.2025
Distanse:
4,0km

Sommarferie Beitostølen 2025. Ulrik, Ørjan, GC og eg til topps på Bitihorn. Starta frå p-plass i Båteskaret. Truddde først eg stod litt utsatt til med bilen, men fleire kom til så det vart ikkje så gale med parkeringa vår når ein såg korleis andre stod parkert! Spennande tur og ein får kjapt høgdemeter. Sherpa-trapper på dei mest sårbare plassane nedst. Vid og flott utsikt. Traff på kjendis Pølsa-Pettersen, som meinte at Ulrik og eg hadde feil fotballtrøyer på. Våra flotte, men sveitte LFC-drakter gjekk ikkje heim derigården!

Kart    

Diskgolf Trolla

Dato:
21.07.2025
Distanse:
14,5km

Sommarferie 2025. Kjekt med frisbe-golf. Fann fram, med litt plundring, til bana på Trolla. Stilig anlegg som openbarte seg oppi skogen. Imponert av dugnadsinnsatsen for å få dette til. Så slo eg til med hole in one på siste post!!! Førstemann i familien, så dette kastet skal omsnakkast: l-e-n-g-e. Vart so forfjamsa at eg gløymde å slå av gps-trackinga etter ferdigspelt runde,så km på turen lyg voldsomt.

Kart    

Trondheim

Dato:
21.07.2025

Sommarferie 2025 Walkabout in Trondheim m disk-golf på Sluppen

Røyrafjellet

Dato:
17.07.2025

StikkUT kveldstur på Røyrafjellet med GC

Rørsethornet

Dato:
15.07.2025
Distanse:
5,2km

For ein flott dag. Ulrik, Gunn og eg på tur til fine Midsund. Flotte turmål å velge mellom der, men ville prøve alle trappetrinna opp til Rørsethornet. Eit imponerande stykke arbeid og ein vill ide som vart gjennomført om å legge sherpatrapp opp hit. Må prøvast, kjennast godt i lår og leggar når ein er ferdig der.

Kart    

Gyrinakken

Dato:
14.07.2025