Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Runde i Vanylvsfjell

Datum:
29.04.2026
Entfernung:
14,2km

Kjempefin og lang runde i Vanylvsfjell saman med Ørjan. Han lessa på sekken sin igjen for å kome i likevekt med sin far. Trur den var ca 28 kg, så det vart jo ei virkeleg god økt for han. Fint å gå i stort sett vårsol. Godt gamalt arbeid i ein imponerande steingard som gjekk ved Heida og oppover mot Bjørlykkehornet. Ellers er vanylvingane nokre racera til å lage fjellvegar. Fjellvegen til Børevatnet var fin å køyre på med ein fancy bom. Fekk ikkje til å registrere Såta 674moh. Innom nokre namnlause nutar samt Skjerheida 697moh.

Karte    

Feirelia

Datum:
24.04.2026

Runde i skogen på heimebane. Storhaugen i lysløypa, Grønåsen og Feireberget

Grøthornet-Gjerdsvika

Datum:
22.04.2026
Tourlänge:
2:55h
Entfernung:
10,9km

Flott runde i Gjerdsvika saman med Ørjan. Han gjekk med tung sekk slik at vi skulle stille i same vektklasse. Parkerte på nedsida av vegn ved Tussabygget og gjekk først på sti til Botnen. Stiv stigning opp bratta der før vi tok turen bort til Grøthornet ved høgspentlinja. Deretter tilbake og bort til gapahuken Strutsely. Gjerdsviksrane er flinke til å bygge gapahuker høgt til fjells og endå meir kreative når det gjeld namn Vidare opp til Kloven med sitt dramatiske stup.Det var sikteskive på toppvarden der. Kloven er eit flott fjell. Rund og slak kolle på eine sida og stupbratt på andre sida. Vi gjekk rundt Klovvatnet og fekk eit infinity-øyeblikk med idyllisk fjellvatn og hav 500m under. Vi var også innom Melshornet og Vatthornet på vår veg.

Karte    

Teigehaugen

Datum:
19.04.2026

Liten tur før kamp på Høddvoll med Ulrik. Teigehaugen- ein avsvidd kolle med skyteblink på toppen! Best å kome seg fort vekk!

Karte    

Heida

Datum:
19.04.2026

Finfin kveldstur med GunnC

Ertesvåghaugen

Datum:
18.04.2026
Tourlänge:
0:14h
Entfernung:
1,0km

Medan Ulrik er på trening.

Karte    

Brendeåsen

Datum:
18.04.2026

Runda i skogen til bommen òg Brendeåsen

Notten

Datum:
18.04.2026
Tourlänge:
0:16h
Entfernung:
0,9km

Sær hobby. Mykje høg lyng å løfte beina i, så litt trim vart det

Karte    

Eika

Datum:
16.04.2026
Entfernung:
6,9km

Eika er ei flott øy og mykje meir enn berre vegen som går over og under øya. Eg var innom Nakken, Grønnakken, Eikenakken og Nord for Eika. Fine og mange hjortetrakk som kan følgast i skogen langs ryggen på austsida. Meir bushing for å kome bort til siste kollen på turen Nord for Eika. Satte støkk i eit par hjortar på min veg

Karte    

Timberåsen

Datum:
13.04.2026
Entfernung:
1,1km

På veg heim frå Volda

Karte