Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Bondalseidet

Dato:
07.04.2023
Turtype:
Langrennstur

Gutta på slalom, eg og Gunn C gjekk oss tur i langrennsløypa i retning Åmskaret. Flotte forhold og nydeleg ver.

Skaret -Leikongsætra

Dato:
11.03.2023
Turtype:
Fjellskitur

Etter eit digert snøfall, der det lava ned store snømengder på barmark, så ville eg og Ørjan teste ut fjellskia på Leikongsætra. Det var ingen som hadde vore ute før oss denne dagen, så det vart å bakse og kave seg oppover mot Skaret. Ungdommen måtte nok pløye mest spor :) Sidan der ikkje var nokon såle av snø under, så trakka vi veldig langt ned. Det var heftige greier for lårmusklane. God trim ialle fall og kjekt turfølge. Snudde rett før Skaret. Nedatt gjekk det også smått. Vart reinaste snøplogane der vi kom.