Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Runde

Date:
29.12.2021
Distance:
4.5km

Tur saman med OleJ & co

Map    

Hornseten

Date:
27.12.2021

Litt trimming i jula m Ole J & co

Langberget

Date:
26.09.2021
Distance:
2.4km

Pilgrimstur! Det er klart at ein ekte Langberger berre måtte hit. Her oppe følte meg virkeleg som ein stamfar på nr 1 av 3 slike "slektstoppar" på mi heilt eiga, private liste over langbergfjell. Gunn-Cisilie var med på dette slektstreffet . Ein fin tur oppover på lettstelt rygg i frå riksveg 51 over Flya. Kunne sjølvsagt gått vidare til Søre Brurskarskampen, men fann ut at det måtte bli ein liten nedtur i oppoverbakken etter ein slik familiefest. Beste helsing Langberg

Map    

Mugnetinden

Date:
25.09.2021
Distance:
11.0km

OJ 50års-feiring med tur til fjells. Det vart då ein flott tur frå Beitostølen. Ein tur gjennom i alle fall årstidene haust og vinter. Skodde og snøbyger mot toppen, men også sol og nydlege haustfargar på vegen opp og ned. Med på tur var jubilanten OJ, Lisbeth & resten av bursdagsselskapet Hilde, Ole B, Hans K, GunnC og meg. Eit rett så kjekt selskap

Map    

Gyrinakken og Brendeåsen

Date:
05.09.2021

Brendeåsen

Date:
22.08.2021

Klovetinden

Date:
08.08.2021
Distance:
7.5km

I dag var vi heldige som fekk ein slik flotte tur til Klovetinden. Perfekt turver og heilt vindstille på toppen. Drista oss til å kike over kanten ned i Masdalskloven- mektig og brutalt, rett ned. Med på tur var Inge, Ørjan og Gunn C. 22 år sidan eg var her sist. Såg bondegarden til Heia nede på Masdal.

Map     1 comment

Sandhornet og Grøthornet

Date:
06.08.2021
Distance:
7.8km

Flott tur til Sandhornet. Alle 5 med og det var stas. Starta i frå flotte Hellevegen, som er ein attraksjon i seg sjølv. Opp Kråkenakken var det litt bratt og vi jobba med motivasjonen, men kom oss over kneika og til Grøthotnet. Forresten Grøthorn 5 av 16 på lista mi. Flott utsikt særskild til Saudehornet og Vassdalstind. Lettgått heile vegen på ryggen opp til Sandhornet. Flott tur.

Map     1 comment

Grønelia

Date:
05.08.2021
Distance:
3.6km

Lita tue kan velte stort lass. Her var det mange tuer og ingen klar sti, men vi kom no oss rundt. Mange sauderåser på kryss og tvers. Ikkje så lett å finne noken god startstad i Sande. Tilkomstane er sperra og gjort vanskelege. Sjølve toppen Grønelia har ei veldig flott utsikt som er verdt å få med seg. Gjekk først til Lægda(Vasseidet). Med på tur var Gunn C.

Map    

Heida

Date:
04.08.2021

Kveldstur med GunnC