Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eggenipa

Date:
13.07.2026
Duration:
8:42h
Distance:
12.4km

For ein dag og for ein tur! Starta frå parkeringa på Bjønnaspøtet og fulgte den nye stien opp til topps. Flott tillaga sti og trapper. Sett nedanfrå, så ser det bratt og uframkomleg ut. Men det løyser seg i avsatsar oppover, og når ein i tillegg lagar luksusrute, så er dette alt ein slager i fjellandet. Vi møtte sherpalaget som jobba nær toppen. Spett, tau og handemakt. Respekt for dei karane der! Vi tok rundturen og gjekk over fjellet før vi runda ned i dalen til slutt. På denne delen var det folkefritt, kun mektig natur. Gutta sprang i veg nedatt frå S3-toppen for å bade og hente bil opp til p-plass lengst oppe i dalen til oss gamlingane. Med på tur var Ulrik, Ørjan og GunnC.

Map    

Gjøna

Date:
11.07.2026
Duration:
4:45h
Distance:
9.6km

Super tur saman med Ørjan og GunnC. Oppgang frå Haugsbygda før vi rausa nedatt i Gjerdsvika på Muren. Først StikkUt på Haugshornet før flotte Saursegga og Gjøna. Ei fantastisk utsikt på egga over med Haugsbygda og Gjerdsvika under på kvar side og vide horisonten forut.Magisk. Gapahuken Gjønasikt var også utrulig flott. Nedturen vart jo bratta nedatt, Stien nedatt der vi gjekk, er eit pågåande dugnadsprosjekt, godt merka men mangla trakk. Blir vel bedre når der går mange nok folk

Map    

Grøthornet og Litletinden

Date:
08.07.2026
Duration:
5:28h
Distance:
14.8km

Tur med Ørjan. Parkerte i kryss før sætervegen og gjekk den opp til Kvanndalssætra. Sikta oss rett opp i retning Grøthørnet. Fann ingen klar sti, så det vart litt kaving i krattskog og laus ur bratt 500m oppover. Men kva gjer vel det, når Grøthorn#13 kom i box. Skodda ville ikkje sleppe og frå ca 1000 moh vart det dårlegare sikt. Ryggen oppover mot Litletinden var kjekk å gå. Men såg ikkje sjølve toppen før vi omtrent kom opp. Litt bratt øvst, men ikkje direkte utsatt, Toppen var kul og muligheit for tinderangling bortover. Litletinden spelte seg soleis inn på topplista mi. Ein litt gøymd kremtopp som ein må sveitte litt for å få tak i.Retur nedatt via Eidstuva og Tuekollen og bushing gjennom kratt og småskog nedatt til bilen.

Map    

Melshornet og Grøthornet

Date:
05.07.2026
Duration:
3:17h
Distance:
10.1km

Sjelden sak, heile gjengen på tur i lag. Turmålet var Melshornet på langs. Eit Grøthorn til samlinga - nr 12 var heller ikkje så verst. Skumle skyer over Melshornet på turen, så det dempa l Men vi kom oss over sjølv om det vart nokre regnbyger og trasig jungelsti nedatt til Overå. I dag vart den til ein attgrodd bekk. StikkUt-tur var det også!

Map    

StikkUt Aurvollegga

Date:
28.06.2026
Duration:
1:23h
Distance:
3.5km

StikkUt med GunnC. Anbefalast. For det er ein finfin tur til Aurvollegga. Hansken til ei forhistorisk kjempe som budde her på Egga?

Map    

Heida

Date:
27.06.2026
Duration:
0:59h
Distance:
10.6km

StikkUt med Ørjan og Gunn C GPS på ville vegar

Map    

Frøystadtua og Staven

Date:
22.06.2026
Duration:
1:04h
Distance:
4.7km

Ute til lunchtur gjennom lyng og myr over frøystadtuer. Planen var å få Staven registrert i Fjelldatabasen. Nokre «gløymde» stiar vitna om at det nok gjekk fleire folk her før i tida.

Map    

StikkUt Litletua

Date:
21.06.2026
Duration:
2:09h
Distance:
5.8km

StikkUt-tur til Alskleiva og Litletua. Frå Alskleiva går det fin sti "trappevis" oppover ryggen. (Bør forøvrig skifte namn på pb-merkinga på toppen her frå Ulsettua sørvest til Litletua)

Map    

StikkUt Rotarystien

Date:
20.06.2026
Duration:
0:24h
Distance:
2.1km

StikkUt på Hareid med GunnC

Map    

StikkUt Oseberget

Date:
20.06.2026
Duration:
0:27h
Distance:
2.2km

Med GunnC- medan vi venta på Ulrik-kamp

Map