Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Berre lekkert å få besøke Kvænan igjen!

Date:
15.08.2022

Ettersom forrige tur til Kvænan har vist seg å vere bomtur, passa det godt å avslutte årets tur nordover med ein tur hit. Etter ein lat dag på Finnsnes - vel, ikkje for Morten som måtte jobbe - rulla vi utover på Senja seint på ettermiddagen, nå også med selskap av Øivind. 13 år sidan eg sist eg var her, og også denne gongen slo det til med varme og sol i nord. Artig å sjå igjenkjende vegar og toppar. Kvænan er synleg frå langt hald, og toppen er skilta ved vegen. God raudmerking heilt til topps, men vi klarte likevel å miste stien rett før den store ura. I grunnen ikkje noko problem, for ura er fast og fin. Kosetur oppover med mange stopp. Luksus å gå i t-skjorte og ikkje vere plaga av verken floger eller mygg… Vi fann stien igjen i overkant av ura, og så var det berre >>>

Map    

Flott tur - også for ømme tær og såre lår

Date:
14.08.2022

Slitne bein etter gårdagens tur til Rohkunburri, men BigMob meinte denne turen var godt innafor det mulege, så han lempa meg av inni Rabbåsen, like ved skilting til Hjerttind. Sjøl skulle han roe ned og slikke såra frå i går… Turen er godt merka, og toppen synleg frå langt hald. Uvanleg lett terreng å gå i og knapt ur, men det var ein motvillig kropp å dra med seg oppover i dag. Fekk følge av ein flokk reinsdyr innover mot foten av fjellet - dei vart både beundra og fotografert. På toppen var det til og med folk! Eit triveleg turfølge frå Harstad-området, så det vart både fjellprat og knipsing. Trillande lett retur til triveleg overnatting på Finnsnes. 17,3 km, 1.405 høgdemeter og 6t t/r

Map    

Utilgjengeleg topp - endeleg

Date:
13.08.2022
Map    

Lang dags ferd…

Date:
30.07.2022

Denne kommunetoppen har ligge og murra i mange år, og endeleg klaffa det med både vêr og tid. Lysten på å ta denne m.fl. frå Notasæter var stor, men eg tok altså ikkje sjansen på å foresere den traversen aleine, så det vart med start frå Lundadalen - og jammen krabba det ikkje endå ein kommunetoppsankar ut av ein bil! Han var ein smule yngre og langt sprekare, så etter ein liten fotoseanse (takk for den) fekk han springe vidare i eige tempo. Lundadalen var, som venta, av det lange, vakre slaget, men toppen var tydeleg når ein kom opp i høgda og begynte traskinga innover. Eg var dum og gjekk inn til Sauhytta før eg begynte å tenkje på å krysse, så her vart det litt vassing over elva - forfriskande for tærne, men unødvendig tidsbruk på ein lang dag. Så til dei som skal >>>

Map    

På tampen av dagen

Date:
22.07.2022
Map    

Vestfjellet

Date:
21.08.2021
Map    

Nok ein varm dag i Sogn

Date:
03.07.2021

Snilen (Lars) Siste dag på sommarens raid i Sogn. Kroppen var ganske mør etter gårdagens tur til Keipen, biff i Førde og fire netter i telt, så i staden for den planlagde turen til Smørskredtindane, vende vi nasen retning Oslo. På tur over Gaularfjell var det for ille å kjøre forbi denne toppen utan å gå opp. Fin sti oppover lia, masse floger og varmt. Framleis noko snø i høgda, så vi tok sikte på det som var av stein oppover - men super nedfart på rennene. Pause og posering på høgste punkt.

Map    

Klimatopp 2

Date:
02.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Klimatopp 1

Date:
01.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Map