Arkiv - dato
Nok ein varm dag i Sogn
- Dato:
- 03.07.2021
Snilen (Lars) Siste dag på sommarens raid i Sogn. Kroppen var ganske mør etter gårdagens tur til Keipen, biff i Førde og fire netter i telt, så i staden for den planlagde turen til Smørskredtindane, vende vi nasen retning Oslo. På tur over Gaularfjell var det for ille å kjøre forbi denne toppen utan å gå opp. Fin sti oppover lia, masse floger og varmt. Framleis noko snø i høgda, så vi tok sikte på det som var av stein oppover - men super nedfart på rennene. Pause og posering på høgste punkt.
Skredfjellet
- Dato:
- 29.06.2021
Sleit litt med å finne bomvegen opp til Stordalen, og det vart eit stopp hos ein lokal bonde - som både vart glad for besøk og var godt kjent. Så var resten peanuts. Deileg, varmt vêr, så det var berre å kose seg på stien opp mot skaret. Det er forresten ikkje så godt å sjå kvar stien startar, men det er altså til høgre like etter siste bom… med ein liten plakat om bandtvang. Fin oppvarming før dei neste lange turane…