Archiv - Nach Datum
Med flott turfølge til topps
- Datum:
- 10.08.2016
Viser til Bigmobs utmerkede rapport frå ein framifrå tur med gutta, og bilder som Sea2summit også har lagt ut. Ikkje alltid like elegant på toppen...
Storsylen
- Datum:
- 06.08.2016
Skulle lufte poden og gje han introkurs i fjellets fred og ro... Vel, dagen var kanskje ikkje den beste, for vi traff rett på StorsylenOpp! Fin, morsom tur likevel og traff kjente i bakken som eg hadde pest ved sida av på tredemølla dei siste åra...
Ekspedisjon Hårteigen
- Datum:
- 14.07.2016
Eg hadde i lengre tid fleipa med at eg skulle gå frå hytta nord i Telemark og "heim" til Vestlandet. Denne sommaren vart det realisert.
Eg starta frå Killingskaret, mellom Veggli og Austbygde, og gjekk retning Lufsjå. Fin, godt merka transportåre her frå gamalt av, Nordmannslepa, frå aust til vest. Første etappe passerer like ved Storegrønutt. Frå Lufsjå passerte eg Boprgsjøbrotet på veg mot Imingfjell.
Hytta eg hadde tenkt å ta inn på her, var stengt, så det vart lang da vidare til Mårbu. Frå Mårbu gjekk ferda vidare til Rauhelleren via Geitvassdalen.
Så gjekk ferda vidare til Sandhaug og Litlos, og då Gaustatoppen ikkje lenger var i sikte, tok Hårteigen over.
Litt lett klyving for å komme opp på denne klumpen, men for ein utsikt!
Så vart det bad i isvatnet på >>>