Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Berre lekkert å få besøke Kvænan igjen!

Date:
15.08.2022

Ettersom forrige tur til Kvænan har vist seg å vere bomtur, passa det godt å avslutte årets tur nordover med ein tur hit. Etter ein lat dag på Finnsnes - vel, ikkje for Morten som måtte jobbe - rulla vi utover på Senja seint på ettermiddagen, nå også med selskap av Øivind. 13 år sidan eg sist eg var her, og også denne gongen slo det til med varme og sol i nord. Artig å sjå igjenkjende vegar og toppar. Kvænan er synleg frå langt hald, og toppen er skilta ved vegen. God raudmerking heilt til topps, men vi klarte likevel å miste stien rett før den store ura. I grunnen ikkje noko problem, for ura er fast og fin. Kosetur oppover med mange stopp. Luksus å gå i t-skjorte og ikkje vere plaga av verken floger eller mygg… Vi fann stien igjen i overkant av ura, og så var det berre >>>

Map    

Flott tur - også for ømme tær og såre lår

Date:
14.08.2022

Slitne bein etter gårdagens tur til Rohkunburri, men BigMob meinte denne turen var godt innafor det mulege, så han lempa meg av inni Rabbåsen, like ved skilting til Hjerttind. Sjøl skulle han roe ned og slikke såra frå i går… Turen er godt merka, og toppen synleg frå langt hald. Uvanleg lett terreng å gå i og knapt ur, men det var ein motvillig kropp å dra med seg oppover i dag. Fekk følge av ein flokk reinsdyr innover mot foten av fjellet - dei vart både beundra og fotografert. På toppen var det til og med folk! Eit triveleg turfølge frå Harstad-området, så det vart både fjellprat og knipsing. Trillande lett retur til triveleg overnatting på Finnsnes. 17,3 km, 1.405 høgdemeter og 6t t/r

Map    

Utilgjengeleg topp - endeleg

Date:
13.08.2022
Map