Arkiv - dato
Årets suraste tur
- Dato:
- 30.08.2020
På tur med Morten (Bigmob) og Sea, med base på Seiland Guesthouse. Planen var at Sea og eg skulle plukke med oss Seilandstuva og Seilandsjøkelen på ein og same tur, bruke 11-12 timar, og kose oss i fantastisk landskap i godt vêr, mens Morten skulle rusle rundt i fjæra - han hadde trass alt vore på dei toppane før. Men, nei! Det såg lovande ut då vi vart skyssa inn fjorden, og smila var på plass. Som ellers opp mot fjella her, er det rimeleg bratt dei første 300m, med grus, ur og sleipt gras. Vi var heldige og fann eit sauetråkk på venstresida av elva oppover og slapp å bli våte på beina.
Fin utsikt mot campen...
Sea... framleis rimeleg fornøyd...
Oppe i skaret dreide vi sør mot Seilandstuva. Planen var å gå ned igjen til skaret etter toppen og opp retning Seilandsjøkelen >>>
I godt selskap til Kjerringa
- Dato:
- 29.08.2020
Aldri feil å dra på tur med Morten og Sea, og denne toppen krev både båtskyss og godt vêr over fjorden, så når det plutseleg passa for oss alle, var det umuleg å avslå. Viser til Mortens fyldige rapport om ruteval...
Over fjorden frå Seiland til Stjernøya.
Kjerringa i sikte.
Rimleg bratt opp lia...
Pause i veggen før siste klyving opp til ca. 600 moh
På topp med Sørøya og Lopphavet i bakgrunnen.
Slitne folk i fjæra...