Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Napen fra Saurdal
- Date:
- 31.08.2024
Den årlige hytteturen til Saurdal var eit faktum og veret var det beste me nokon gong har hatt. Me hadde fabulert i forkant av ein tur til Napen, og når veret vart som det vart så måtte me bare ta denne turen. Me rodde oss over Saurdalsvatnet og gjekk merka sti innover mot Stranddalen. Etter ei stund tok me av denne stien og kryssa via Fagerstølen og Gamlestølsdalen og opp igjen på merka sti mellom Stranddalen og Øvre Moen. Fulgte merkinga heile vegen opp til Napen. Det er ikkje det høgaste fjellet, men du verden for eit vidssyn. Forstod med ett kvifor dette er ein klassikar i Ryfylkeheiene. Me såg til Stavanger og Sirdalsheiane i sør. Truleg var det Gaustatoppen med såg i aust. Folgefonna såg me i nord og i vest såg me ut til havet. Og der ute låg og vår kjære heimstad. Returen >>>
Hønjdalsrokjen
- Date:
- 02.08.2024
Endelig tur igjen. Formen blir ikkje betre av å sitta heile livet foran ein PC, så for å gjere det litt enklare bestemte me oss for å ha med syklar som me tenkte me kunne bruke på vegen innover fra Hornindalssetra. Det er ikkje å anbefale, eller då skal du i det minste vere god på stisykling. Det var mykje stor stein og skarpe kantar, så det blei helst til at me leia sykkelen både opp og ned. Når me endeleg satte frå oss syklane så fulgte med normalveien oppover. Det ser ut til å ver i overkant bratt når ein ser opp på veggen, men det er altså ein heilt fin sti oppover her. Fulgte stien rundt fjellet og opp via aust og nordryggen. Strålande ver, strålande utsikt og strålande topptur. Ein skulle berre hatt meir tid i livet...
Pre Saurdal
- Date:
- 01.09.2023
I strålande ver tok eg turen inn til Suldal tidleg denne fredagen for å gå ein topptur i forkant av den årlege Saurdalsturen. Valget falt på Hestfjellet. Parkerte ved trafo? på Våge og fulgte først traktorveg eit kort stykke før det bar oppover på gammal klauvsti mot Liastølen. Stien var lett å følgje, og låg veldig fint i terrenget. Spesielt eit stykke inn til Vargshidalen var veldig fint kor ein gjekk på ei smal hylle bortetter fjellsida. Frå Liastølen vidare oppover mot Hellestølen.Her oppvar ein over skoggrensa og turen gjekk vidare litt opp og ned over Sletthei og fram til Hestfjellet. Turen gjekk samme veg nedatt. Turen var litt tyngre enn forventa i finveret, så det var aldeles nydeleg med is på Suldalsosen før turen bar vidare til ei hyttehelg i Saurdal.
Faureknuten
- Date:
- 06.07.2023
Tok ein tur til Bjerkreim etter jobb. Det blei ein lang kjøretur grunna trafikkulykke som stengde E39 og hjultrøbbel. Når eg kom opp så viste det seg at grusvegen som ein skulle kunne kjøre på, likevel ikkje var åpen for trafikk. Turen blei derfor lengre enn antatt og det var allerede kveld. Valgte likevel å ta turen, først inn grusveg fram til "normal" turstart, og så på merka og tydelig sti oppover dalen. Holdt høgt tempo og turen fra hovedvegen tok 1,5 time tur/retur. Då vart det ikkje mange pausene undervegs utenom ein 5 minutter på toppen for å sjå seg litt rundt. Veldig fin topp og tur, så kunne godt brukt lengre tid her. På heimvegen vart det og omkjøring og så stengd tunnel, så lang kjøretur for ein nokså kort gåtur. Men fremdeles godt å gå seg ein >>>