Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Liadal - Vartdal

Date:
28.07.2020

Kjørte til Halse og fulgte vegen til veis ende. God parkering her inne, men heilt klart ikkje den best grusa vegen eg har køyrt på. Fulgte sti inn til Liadalssetra og kryssa elva på brua. Fulgte stien mot Vartdal eit stykke for å tjene nokre høydemeter i greit terreng. På ein tydeleg morenerygg oppunder Grøthornet tok eg av og gjekk bratt opp via eit par steinurer og inn i Skåla. På denne måten slapp eg å bakse meg gjennom småskogen som låg lenger nede i dalen. Trur det var eit lurt vegval. Lettgått innover til Skålaskaret. Tok først turen opp på Liahornet. Fulgte egga utan store utfordringar her. Blei ikkje lenge då det både bles og regna. På veg nedover egga prøvde eg å sjå meg ut beste vegen oppover mot Grøthornet. Eggekanten såg stort sett grei ut så eg prøvde >>>

Map