Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Såta

Date:
26.09.2015
Map    

Gjøna

Date:
03.08.2015

Parkerte øverst i byggefelt på Ytre Hauge i Haugsbygda. Fulgte god sti / gammel drifteveg opp lia til jeg kom frem til høgspenten. Tok så av frå hovedstien, då denne går vidare til Haugshornet. Tok i staden sikte vestover mot Saursegga, først på litt utydelig sti, før eg traff på sti som kom opp frå Gjerdsvika. Vidare over Saursegga, noko ned att og til slutt bratt opp på Gjøna. Heile vegen på god sti. Heilt aldeles utmerket utsikt, både langs egga og ikkje minst på toppen. I sør Hornelen, Gjengnen og Blæja. I vest Stadt, Sandsøy og Svinøy med fyret. I nord Skorpa, Runde og Alnes. I aust Molladalstindane, Kolåstinden og Saudehornet. Opp gjekk det ca 1 time og 40 minutt, ned att gjekk turen 20 minutt raskare.

Map    

Telttur på Jøsneset

Date:
20.06.2015

Parkerte ved gardane på Foss og fulgte først merking til Håvehammaren og Åsland. Videre frå Åsland på merka traktorveg/sti/terreng retning Herefjellet. Stundom litt uklar merking et stykke her, men vegen sa seg nokså greit sjøl. Brukte vel 2 timar opp til Herefjellet med overnattingsutstyr på ryggen. Skodda kom dessverre sigande like før eg var oppe, så utsikten kan eg ikkje uttala meg om. Videre på merka sti "Hardhausen" retning Skiftunstølen. Her var merkinga svært god. Ja det var den vel egentlig resten av turen. Brukte ein time ca fram til starten av Gunlanutstien. Først opp skogslia før ein kom opp i ope terreng. Anar meg at dette er ein nydeleg tur, men også her låg skodda tjukk. Gjekk vel ein time før eg slo leir like opp forbi Gunlabu. Då var klokka blitt >>>

Map