Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Jendemsfjellet

Date:
02.08.2017

Parkerte ved Jendem på ein stor parkeringsplass. Tydeleg at dette er eit mykje besøkt fjell. Først opp gjennom skogen. Ikkje mykje tid til oppvarming då det var bratt motbakke i starten. Forbi eit par felt kor det var strukke ut tau til hjelp for glatte trerøter så flata det litt meir ut. Vidare opp var det litt meir bratt skogsterreng før ein kom ut i fritt terreng. Løypa følger vestegga heile vegen opp. Over eit par kneiker og vipps så var eg oppe. Vidt utsyn både til Romsdalsfjella og Fræna og Aukra på kysten. 1 time opp, 50 min ned.

Map    

Vassdalstind

Date:
30.07.2017

Kjørte opp til Vallasetra inn fra Ørsta. Her finn ein skilt som viser veg mot Vassdalstind. Spredte rødmerkingar og vardar viser veg på ein stort sett tydeleg sti. Turen starta rett på opp ein bratt grasbakke til venstre for elva som kjem ned frå Bukkedalen. Etter ca 400 høgdemeter kjem ein inn i Bukkedalen. Her flatar det litt ut og me gjekk dalen nærmast til endes. Passerte ein bekk som kom frå sjølve toppområdet og gjekk på vidare bratt opp i høgre kant av denne. Dei siste 2-300 høgdemetrane vart det klyving på austegga. Heilt i starten var det eit litt småvanskeleg opptak, men omgjekk dette på veg ned då me gjekk litt nærare bekken. Dessverre var det lite utsikt på toppen, då skyene ikkje ville sleppe taket. Venta ein time på toppen, men det hjalp ikkje. Brukte ca >>>

Map    

Torenipen og Alisfjellet

Date:
14.04.2017

Parkerte på Hogstad og fulgte godt merka veg opp til Grindavatnet og vidare til Torenipen. I frå Torenipen rett aust og så sørleg retning. Treff då på sti som går frå Grindavatnet til Litle Auglend og er teikna inn på somme kart. Gjennom tunet på Litle Auglend og opp norvestryggen av Alisfjellet. Nokså greit å gå her og veien gir seg sjølve. Til tider grei sti/dyretråkk å følge oppover. Ned igjen same veg og vidare på traktorveg frå Litle Auglend sørover til Sandbakken. Vidare på god sti til Grindavatnet og langs sørsida av vatnet. Herfrå attende til Hogstad. 2,5 time på tur alt i alt.

Map    

Bokn

Date:
13.04.2017

Parkerte ved Are og fulgte merka sti til toppen av Hognåsen. Ikkje alltid like lett å fylgje merka, men vegen gir seg sjølv. Triveleg område å gå tur i med esel og sauer ute på beite. Tilbake til bilen og kjørte vidare til Dagsland. Fann ein plass å parkere kor eg satsa på at eg ikkje stod for mykje i vegen for gardbrukarane. Fulgte gardsveg gjennom ein liten skog og oppover beitemarka. Fann til slutt ein passande plass å passere gjerdet (på toppen av det beitet eg var på) og fulgte ryggen på Rindafjellet sørover til toppen. Samme veg tilbake.

Map