Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Napen fra Saurdal
- Date:
- 31.08.2024
Den årlige hytteturen til Saurdal var eit faktum og veret var det beste me nokon gong har hatt. Me hadde fabulert i forkant av ein tur til Napen, og når veret vart som det vart så måtte me bare ta denne turen. Me rodde oss over Saurdalsvatnet og gjekk merka sti innover mot Stranddalen. Etter ei stund tok me av denne stien og kryssa via Fagerstølen og Gamlestølsdalen og opp igjen på merka sti mellom Stranddalen og Øvre Moen. Fulgte merkinga heile vegen opp til Napen. Det er ikkje det høgaste fjellet, men du verden for eit vidssyn. Forstod med ett kvifor dette er ein klassikar i Ryfylkeheiene. Me såg til Stavanger og Sirdalsheiane i sør. Truleg var det Gaustatoppen med såg i aust. Folgefonna såg me i nord og i vest såg me ut til havet. Og der ute låg og vår kjære heimstad. Returen >>>
Hønjdalsrokjen
- Date:
- 02.08.2024
Endelig tur igjen. Formen blir ikkje betre av å sitta heile livet foran ein PC, så for å gjere det litt enklare bestemte me oss for å ha med syklar som me tenkte me kunne bruke på vegen innover fra Hornindalssetra. Det er ikkje å anbefale, eller då skal du i det minste vere god på stisykling. Det var mykje stor stein og skarpe kantar, så det blei helst til at me leia sykkelen både opp og ned. Når me endeleg satte frå oss syklane så fulgte med normalveien oppover. Det ser ut til å ver i overkant bratt når ein ser opp på veggen, men det er altså ein heilt fin sti oppover her. Fulgte stien rundt fjellet og opp via aust og nordryggen. Strålande ver, strålande utsikt og strålande topptur. Ein skulle berre hatt meir tid i livet...