Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Pre Saurdal

Date:
01.09.2023

I strålande ver tok eg turen inn til Suldal tidleg denne fredagen for å gå ein topptur i forkant av den årlege Saurdalsturen. Valget falt på Hestfjellet. Parkerte ved trafo? på Våge og fulgte først traktorveg eit kort stykke før det bar oppover på gammal klauvsti mot Liastølen. Stien var lett å følgje, og låg veldig fint i terrenget. Spesielt eit stykke inn til Vargshidalen var veldig fint kor ein gjekk på ei smal hylle bortetter fjellsida. Frå Liastølen vidare oppover mot Hellestølen.Her oppvar ein over skoggrensa og turen gjekk vidare litt opp og ned over Sletthei og fram til Hestfjellet. Turen gjekk samme veg nedatt. Turen var litt tyngre enn forventa i finveret, så det var aldeles nydeleg med is på Suldalsosen før turen bar vidare til ei hyttehelg i Saurdal.

Map