Napen fra Saurdal (31.08.2024)


Kart
Bestigninger Napen (1350moh) 31.08.2024

Den årlige hytteturen til Saurdal var eit faktum og veret var det beste me nokon gong har hatt. Me hadde fabulert i forkant av ein tur til Napen, og når veret vart som det vart så måtte me bare ta denne turen. Me rodde oss over Saurdalsvatnet og gjekk merka sti innover mot Stranddalen. Etter ei stund tok me av denne stien og kryssa via Fagerstølen og Gamlestølsdalen og opp igjen på merka sti mellom Stranddalen og Øvre Moen. Fulgte merkinga heile vegen opp til Napen.

Det er ikkje det høgaste fjellet, men du verden for eit vidssyn. Forstod med ett kvifor dette er ein klassikar i Ryfylkeheiene. Me såg til Stavanger og Sirdalsheiane i sør. Truleg var det Gaustatoppen med såg i aust. Folgefonna såg me i nord og i vest såg me ut til havet. Og der ute låg og vår kjære heimstad.

Returen la me via Stranddalen. Fantastisk plass, med servering i solveggen. Her koste me oss ei stund, og me kunne vore lenge, men fornuften seira til slutt då me tross alt hadde nærmare 2 timar å gå attende til Saurdal. Totalt ca 20km og 9 timer på tur inkludert pauser.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.