Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Tur til Hafjell.

Date:
22.09.2018

Regn og "ruskevær" på Vestlandet i helga. Kraftig vind, kombinert med nedbør i Jotunheimen og Rondane gjorde at vi køyrde dit yr.no meldte opplett og sol. Valget vart Lillehammer. Fin, fin rusletur på Hafjell i flotte haustfargar. Rekreasjon. Overnatta i bubilen og hadde fleire timar på Maihaugen på søndagen.

Map    

Stølstur til Sendalen i Lærdal

Date:
17.09.2018

Fridag etter arbeidhelg. Mangler fortsatt nokre klipp på Stølstrimkortet….OG på Bakketrimkortet mitt. Parkerte bilen ved infotavla på Ljøsne. Gjekk på merka sti oppover i Sendalen. Første stopp var på Hitakvile, der det er postkasse for bakketrimmen. Hit har eg vore nokre turar før. Videre oppover i dalen har eg aldri vore før. Morro med solotur. Det var bratt oppover i dalen. Gjekk oppe i fjellsida til venstre i elvegjelet.... Det var fleire sauer som kosa seg her oppe...fekk skifta til tørre kle....hadde svetta godt i den bratte fjellsida.

Tjønnholsoksle og Tjønnholstinden.

Date:
01.09.2018

To ordnt'lige 2000 meter toppar i dag. Tjønnholsoksle 2145 moh og Tjønnholstinden 2331 moh Vi har gått 32 km og vore på tur i 13 timar og gått 1789 høgdemeter...... med andre ord, ein vaksen tur. Køyrde frå Lærdal med bubilen i går. Parkerte på valdresflye, ved Heimdalsmunnen. Det var utgangspunktet for turen vår i dag. Gjekk rett frå parkeringa, opp vest for Raudhamran. Gjekk inn Leirungdalen. Kryssa Leirungsåe ved Tyskerplassen. Måtte vade og vart våt på beina, men det gjekk bra. Gjekk oppover og kryssa Tjønnholsbekken heilt oppe på flata. Dreia mot venstre og følgde den vestlegaste av ryggane opp til Tjønnholsoksle. Måtte ned att ein del høgdemeter... Kom oss opp på Tjønnholstinden, Norges 16.høgaste topp!!!!! Kom oss neeesten ned att før mørke kom....Ein flott tur!!!!

Map    

Hornelen, Den høgaste sjøklippa i Europa, 860 moh.

Date:
26.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.5km

Turlagstur til Hornelen på Bremangerlandet. Dette vart ein "vaksen" tur. Vi var 12 stk, seks damer og seks menn, i sin beste alder.....og vel så det......nokre med fleire helseplager og utfordringar enn andre. Hornelen er ikkje det høgaste punktet her. Litt lenger inn på øya ligg Svartevassegga (889 moh.) som er det høgaste punktet på øya. I eldre tider kalte man gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange sagn er knyttet til dette fjellet og ifølge nokre av desse er det ein samlingsplass for hekser både jonsokaften og julaftan. Vi var 3 stykker som tok av frå stien og gjekk oppom Svartevassegga. Vi fekk DEN regnbyga på returen frå denne toppen, samt tåke og klyving på diiiigre steinar…..det likte eg ikkje så godt.....men vi kom oss ned att på stien og fortsatte mot Hornelen. >>>

Map    

Rondane travers

Date:
03.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:00h
Distance:
24.5km

Ein jyyyysla tøff tur, med 6 stk.2000 meter toppar. Vi starta frå Nedre Dørålseter, der vi hadde fått parkere bubilen , og lada alle tekniske "duppedingser" vi har no til dags....utan å måtte betale noko. Kjøpte difor kvart sitt heimestrikka Marius sokkar, til å ha i bubilen. Vi følgte stien til bunnen av Høgronden.Det var nesten ei mil å gå før stigninga starta. Turen oppover i steinura var hard, måtte godt ned med tempoet. Einar er tålmodig som få....legg seg bak meg,fotograferer, lader klokke eller mobil, slik at eg kan gå i eige tempo. Det har vist seg å fungere best. Har og erfart at eg må ha tilstrekkeleg påfyll med drikke og mat.....ellers stoppar kroppen opp. Kom oss på toppen etter ca 4,5 timers gange frå bilen. Knipset bilder, nytte utsikta, heiv i oss >>>

Map    

Snøhetta

Date:
01.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:00h
Distance:
22.0km

Flott tur på Dovrefjell i dag. Vi parkerte bubilen ved Hjerkinnhus, der skyssbussen inn til Snøheim startet. Det er ikkje lov å ta seg inn til Snøheim på andre måter enn med skyssbussen på denne tida, pga trekket til villreinen i området. Den første bussen vart full før vi fekk plass, måtte difor vente til avgang nr.to denne morgonen. Det vart tre toppar over 2000 meter i dag; Stortoppen 2286, Midttoppen 2278 og til slutt Vesttoppen 2253 moh. Det vart 3 nye på Einar og 2 nye på meg, sidan eg var på Stortoppen i 1984. Klassetur siste året på videregåande, Fagerlia Gymnas. Turen vart på 22 km, vi var på tur i 9 timar. Fantastisk utsikt. I morgon vert det ein restitusjonsdag før ein ny lang tur i Rondane på fredag den 03.08.

Map    

Slettmarkskampen

Date:
22.07.2018

I dag "plukka" vi ein 2000-metring til. Køyrde frå Lærdal, opp på Filefjell, tok av mot Tyin og Eidsbugarden. Fekk parkering til tross for at det var svært mykje folk her på ein søndag. Det har vore VinjeRock denne helga. Vi gjekk ein time innover vatnet før vi tok av oppover i Bakkane. Følgde DNT ruta mot Gjendebu. Tok av mot Torfinnbu og gjekk eit stykke på den stien. Vi bytta frå lave fjellsko til turstøvlar her, før vi kryssa elva og gjekk mot dagens mål: Slettmarkskampen 2032 moh. Tok ein pause og las høgdekurver på kartet for å finne ut kvar det var best å komme seg opp den bratte kneika frå ca.1500 moh. Det var bratt oppover denne kneika. Kom oss opp og fortsatte mot toppen. Heftige utsikt!!!! Ein lang tur....nesten 10 timar....det tek litt lenger tid med noke >>>

Map    

Stølsmaradalstinden

Date:
12.05.2018

Map    

Bukkehøe

Date:
30.04.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Map    

Store Smørstabbtinden

Date:
02.09.2017

Jammen kom vi oss på toppen av ein ny 2000-metring i dag, Store Smørstabbtinden på 2208 moh. Køyrde frå Lærdal kl.08.00, via Årdal, Tindevegen til Turtagrø, over Sognefjellet og parkerte ved Krossbu. Derifrå gjekk vi innover mot Smørstabbmassivet. Fekk litt betenkeligeter då vi såg at det låg nysnø på toppen..... Vi traff ein sunnmøring med hund, han var frå Brattvågen. 70 år og sprek som få. Så traff vi 4 andre, eit par frå Vang og eit frå Tønsberg. Saman fant vi tråkket oppover i dei brattaste partia. Snakk om utsikt!!!!

Map