Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Siggjo

Date:
23.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.4km

Map    

Vetanosi

Date:
28.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.0km
Map    

Hornelen, Den høgaste sjøklippa i Europa, 860 moh.

Date:
26.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.5km

Turlagstur til Hornelen på Bremangerlandet. Dette vart ein "vaksen" tur. Vi var 12 stk, seks damer og seks menn, i sin beste alder.....og vel så det......nokre med fleire helseplager og utfordringar enn andre. Hornelen er ikkje det høgaste punktet her. Litt lenger inn på øya ligg Svartevassegga (889 moh.) som er det høgaste punktet på øya. I eldre tider kalte man gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange sagn er knyttet til dette fjellet og ifølge nokre av desse er det ein samlingsplass for hekser både jonsokaften og julaftan. Vi var 3 stykker som tok av frå stien og gjekk oppom Svartevassegga. Vi fekk DEN regnbyga på returen frå denne toppen, samt tåke og klyving på diiiigre steinar…..det likte eg ikkje så godt.....men vi kom oss ned att på stien og fortsatte mot Hornelen. >>>

Map    

Rondane travers

Date:
03.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:00h
Distance:
24.5km

Ein jyyyysla tøff tur, med 6 stk.2000 meter toppar. Vi starta frå Nedre Dørålseter, der vi hadde fått parkere bubilen , og lada alle tekniske "duppedingser" vi har no til dags....utan å måtte betale noko. Kjøpte difor kvart sitt heimestrikka Marius sokkar, til å ha i bubilen. Vi følgte stien til bunnen av Høgronden.Det var nesten ei mil å gå før stigninga starta. Turen oppover i steinura var hard, måtte godt ned med tempoet. Einar er tålmodig som få....legg seg bak meg,fotograferer, lader klokke eller mobil, slik at eg kan gå i eige tempo. Det har vist seg å fungere best. Har og erfart at eg må ha tilstrekkeleg påfyll med drikke og mat.....ellers stoppar kroppen opp. Kom oss på toppen etter ca 4,5 timers gange frå bilen. Knipset bilder, nytte utsikta, heiv i oss >>>

Map    

Snøhetta

Date:
01.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:00h
Distance:
22.0km

Flott tur på Dovrefjell i dag. Vi parkerte bubilen ved Hjerkinnhus, der skyssbussen inn til Snøheim startet. Det er ikkje lov å ta seg inn til Snøheim på andre måter enn med skyssbussen på denne tida, pga trekket til villreinen i området. Den første bussen vart full før vi fekk plass, måtte difor vente til avgang nr.to denne morgonen. Det vart tre toppar over 2000 meter i dag; Stortoppen 2286, Midttoppen 2278 og til slutt Vesttoppen 2253 moh. Det vart 3 nye på Einar og 2 nye på meg, sidan eg var på Stortoppen i 1984. Klassetur siste året på videregåande, Fagerlia Gymnas. Turen vart på 22 km, vi var på tur i 9 timar. Fantastisk utsikt. I morgon vert det ein restitusjonsdag før ein ny lang tur i Rondane på fredag den 03.08.

Map    

Bringe

Date:
02.06.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
19.4km
Map    

Loppenosi

Date:
08.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.2km
Map