Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Skåla opp 1848 moh.

Date:
17.08.2013

Hadde meldt oss på i mosjonsklassa i motbakkeløpet Skåla opp, i Loen på laurdagen. Einar stilte i konkuranseklassa!!!! Runa-Mari og eg køyrde frå Høyanger etter jobb på fredagen. Vi hadde leigd hytte i Hornindal, slik at vi skulle sleppe å stå så tidleg opp på laurdagen. Vi stoppa i Førde og kjøpte Ipad til Runa-Mari`....gjett om ho vart glad. Dette er premie for alle fjellturane ho har hatt dette året. Kosa oss på hytta på kvelden. Smurde niste og pakka sekken til laurdag. Køyrde frå hytta 06.15. Var klar å gå frå start i Loen kl.07.15. Er stolt av Runa-Mari`. Det var tøft dei siste kilometerane….men vi kom oss opp.....og ned att!!!!

Map