Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (9)
-
Skitur (10)
- Fjellskitur (3)
- Randonnée/Telemark (7)
Rondane travers
- Dato:
- 03.08.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 12:00t
- Distanse:
- 24,5km
Ein jyyyysla tøff tur, med 6 stk.2000 meter toppar.
Vi starta frå Nedre Dørålseter, der vi hadde fått parkere bubilen , og lada alle tekniske "duppedingser" vi har no til dags....utan å måtte betale noko. Kjøpte difor kvart sitt heimestrikka Marius sokkar, til å ha i bubilen.
Vi følgte stien til bunnen av Høgronden.Det var nesten ei mil å gå før stigninga starta.
Turen oppover i steinura var hard, måtte godt ned med tempoet. Einar er tålmodig som få....legg seg bak meg,fotograferer, lader klokke eller mobil, slik at eg kan gå i eige tempo. Det har vist seg å fungere best. Har og erfart at eg må ha tilstrekkeleg påfyll med drikke og mat.....ellers stoppar kroppen opp.
Kom oss på toppen etter ca 4,5 timers gange frå bilen.
Knipset bilder, nytte utsikta, heiv i oss >>>
Snøhetta
- Dato:
- 01.08.2018
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 9:00t
- Distanse:
- 22,0km
Flott tur på Dovrefjell i dag.
Vi parkerte bubilen ved Hjerkinnhus, der skyssbussen inn til Snøheim startet. Det er ikkje lov å ta seg inn til Snøheim på andre måter enn med skyssbussen på denne tida, pga trekket til villreinen i området. Den første bussen vart full før vi fekk plass, måtte difor vente til avgang nr.to denne morgonen.
Det vart tre toppar over 2000 meter i dag; Stortoppen 2286, Midttoppen 2278 og til slutt Vesttoppen 2253 moh. Det vart 3 nye på Einar og 2 nye på meg, sidan eg var på Stortoppen i 1984. Klassetur siste året på videregåande, Fagerlia Gymnas.
Turen vart på 22 km, vi var på tur i 9 timar. Fantastisk utsikt. I morgon vert det ein restitusjonsdag før ein ny lang tur i Rondane på fredag den 03.08.
Slettmarkskampen
- Dato:
- 22.07.2018
I dag "plukka" vi ein 2000-metring til. Køyrde frå Lærdal, opp på Filefjell, tok av mot Tyin og Eidsbugarden. Fekk parkering til tross for at det var svært mykje folk her på ein søndag. Det har vore VinjeRock denne helga.
Vi gjekk ein time innover vatnet før vi tok av oppover i Bakkane. Følgde DNT ruta mot Gjendebu.
Tok av mot Torfinnbu og gjekk eit stykke på den stien. Vi bytta frå lave fjellsko til turstøvlar her, før vi kryssa elva og gjekk mot dagens mål: Slettmarkskampen 2032 moh. Tok ein pause og las høgdekurver på kartet for å finne ut kvar det var best å komme seg opp den bratte kneika frå ca.1500 moh.
Det var bratt oppover denne kneika. Kom oss opp og fortsatte mot toppen. Heftige utsikt!!!!
Ein lang tur....nesten 10 timar....det tek litt lenger tid med noke >>>