Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (10)
- Backcountry skiing (3)
- Randonnée/Telemark (7)
-
Trip by foot (9)
- Alpine trip (1)
- Hike (1)
- Hillwalk (7)
Slettmarkskampen
- Date:
- 22.07.2018
I dag "plukka" vi ein 2000-metring til. Køyrde frå Lærdal, opp på Filefjell, tok av mot Tyin og Eidsbugarden. Fekk parkering til tross for at det var svært mykje folk her på ein søndag. Det har vore VinjeRock denne helga.
Vi gjekk ein time innover vatnet før vi tok av oppover i Bakkane. Følgde DNT ruta mot Gjendebu.
Tok av mot Torfinnbu og gjekk eit stykke på den stien. Vi bytta frå lave fjellsko til turstøvlar her, før vi kryssa elva og gjekk mot dagens mål: Slettmarkskampen 2032 moh. Tok ein pause og las høgdekurver på kartet for å finne ut kvar det var best å komme seg opp den bratte kneika frå ca.1500 moh.
Det var bratt oppover denne kneika. Kom oss opp og fortsatte mot toppen. Heftige utsikt!!!!
Ein lang tur....nesten 10 timar....det tek litt lenger tid med noke >>>
Store Smørstabbtinden
- Date:
- 02.09.2017
Jammen kom vi oss på toppen av ein ny 2000-metring i dag, Store Smørstabbtinden på 2208 moh.
Køyrde frå Lærdal kl.08.00, via Årdal, Tindevegen til Turtagrø, over Sognefjellet og parkerte ved Krossbu. Derifrå gjekk vi innover mot Smørstabbmassivet.
Fekk litt betenkeligeter då vi såg at det låg nysnø på toppen.....
Vi traff ein sunnmøring med hund, han var frå Brattvågen. 70 år og sprek som få. Så traff vi 4 andre, eit par frå Vang og eit frå Tønsberg. Saman fant vi tråkket oppover i dei brattaste partia.
Snakk om utsikt!!!!