Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Tur til Ygledalen i Balestrand

Date:
02.08.2021

Lenge har eg budd i Balestrand og mange stadar har eg vore, men av ein eller annan merkeleg grunn har eg aldri vore i Ygledalen og Yglebotnen. Nokre innfødde balestrendingar og gode venner har titt og ofte snakka om Ygledalen og teikna mana fram eit bilete hovudet mitt som har veksle mellom eit Shangri-la og eit slags 'de fordømtes dal/dødens dal'. Sjå Yglebotnen og døy, liksom. For å kome seg hit må ein orientere seg mot fjelltoppen Keipen inne i Esebotnen. Sekken vart difor pakka på ein måndags morgon med eit par liter vatn, litt å ete, kikkert og ein ekstra genser sjølv om temperaturen låg på behagelege 15 grader. Ein veit aldri. Det er grei parkering i Esebotnen for alle som skal gå i kø til Keipen. Vegen går oppover på høgre sida av elva og er pynta med skilt her og >>>

Tur til Vindreken i Balestrand

Date:
09.08.2020

Vindreken i Balestrand er eit flott fjell som både kunstnarar, fotografar og folk flest alltid har beundra, men dei fleste har nok ikkje gjort anna enn det, for Vindreken er ikkje lett tilgjengeleg. Etter å ha budd i Balestrand i mange år og vore på dei fleste toppane, unnateke Vindreken, bestemte eg ein sommardag i fjor at dagen skulle brukast få få gjort noko med dette. Diverre var det litt tett morgontåke av det slaget som normalt lettar utover føremiddagen, men ikkje slik denne dagen ... Fullstendig mislukka tur og inntrykket av Vindreken som sat att vart: veldig bratt sti, glatt, tungt å gå, tett skog, og null utsikt. Konklusjon: Vindreken er sterkt oppskytt! Men i dag vart det eit høve til å sjekke om eg kunne stå for denne oppfatninga eller om ho burde reviderast. Denne >>>

Tur til Keipen i Balestrand

Date:
25.07.2018

Tur til Keipen for Arnold, Eirik og Snusen, onsdag 25. juli 2018 På grunn av lavthengande skoddeskyar i fjella starta ikkje turen før kl 12.30. Då hadde det klarna opp og blitt gode forhold. Frå parkeringsplassen i Esebotnen går det ein godt merka sti med både skilt og raude merker. Ein skal vere ganske omtåka viss ein går feil her. Snusen, som er ein firbeint, gjekk i band heile tida. Både fordi det er bandtvang 1. april - 31. oktober i Balestrand, men også fordi det går nokre saueflokkar her. No har vi hatt hardtrening i å ikkje krangle med sauene eller slenge (bjeffe) ukvemsord til dei, og han oppførte seg heilt eksemplarisk. Stien går opp til elva som var overraskande stor. Heldigvis er oppgraderinga av stien inkludert ei bru over elva. Viss ikkje hadde vi hatt eit problem i >>>

Map    

Tur til Munkeggi i Balestrand

Date:
22.07.2018

Tur til Munkeggi. Arnold (tobeint) og Snusen (firbeint) Søndagen passa bra til ein tur til Munkeggi sjølv om skodda hang langt nede tidleg på morgonen. Eg og hunden kom oss i veg kl 08:50. Vi tok ruta til Kalbakk, inn dalen der og vidare opp skaret i retning Spenane, og så rett opp til Munkeggi. Ned att gjekk vi Nonskardet til Fagravatnet og vidare til Bruhjellstølen. Turen går opp vegen mot Skåsheim gard. Gå inn ei lita grind til venstre før husa og gå gjennom skogen eit kort stykke til grusvegen som går opp mot det gamle vassverket. Før det er det ei tydeleg pil som peiker mot stien til Kalbakk. Etter ei stund kjem ein til Gamlestølen og då går ein rett fram. Ikkje til høgre! Så er det eit lite stykke til første brua over elva som berre er ein svær, flat stein. Stien er >>>

Map    

Frå Menes til Melsnipa i Balestrand

Date:
07.07.2018

Turen frå Menes i Balestrand heile vegen til Melsnipa og ned Grøndalen til foten av Gaularfjellet er spektakulær, men ganske hard og slett ikkje ufarleg. På grunn av nokre ganske bratte parti er det ikkje tilrådeleg å gå der i regnver når berget vert glatt. Vi skulle eigentleg gå han i fjor, men på grunn av dårleg ver, dårleg tid og sikkert dårleg planlegging også, så vart han utsett til i år til sterke protestar frå Tor og lang furting. Helga som vart peikt ut vart heilt perfekt bortsett frå at Yr.no påstod at det skulle vere 0 grader på Harevollnipa om natta og krype opp til berre 5 gr. på føremiddagen. Vottar og strikkelue kom difor ned i sekken saman med ein tjukk ullgenser. Akkurat det vart heilt unødvendig, men kopp, rødsprit, kokeutstyr og kaffi blei veldig godt. >>>

Map    

Tur til Spenane - Balestrand

Date:
06.08.2016
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
5:00h

Starta ved Skåsheimsvegen og gjekk til Bruhjellstølen. Det er ein godt oppmerka sti heile vegen og skal vere ca 2,5km. På toppen som ligg på ca 590m, går ein vidare langs stien opp til Fagravatnet som ligg på 880m høgde. På denne tida kan ein forfriske seg med store mengder blåbær og krekling. Det er ganske myrlendt og vått, så ein bør ha gode sko. Fagravatnet er det gamle drikkevatnet til Balestrand, men ikkje i bruk til det lenger. Stien svingar der mot høgre langs vatnet, og er lett å sjå. Nonskardet er dalen som går ned mot Fagravatnet. Eit par plassar må ein over elva, men det går som regel lett. Tek ein turen tidleg på sommaren, ligg det gjerne ein snøbre i mesteparten av denne dalen. På toppen av dette skaret får ein flott utsikt mot Munkeggi mot venstre og Spenane >>>

Map     1 comment