Tur til Vindreken i Balestrand (09.08.2020)
Vindreken i Balestrand er eit flott fjell som både kunstnarar, fotografar og folk flest alltid har beundra, men dei fleste har nok ikkje gjort anna enn det, for Vindreken er ikkje lett tilgjengeleg. Etter å ha budd i Balestrand i mange år og vore på dei fleste toppane, unnateke Vindreken, bestemte eg ein sommardag i fjor at dagen skulle brukast få få gjort noko med dette. Diverre var det litt tett morgontåke av det slaget som normalt lettar utover føremiddagen, men ikkje slik denne dagen ... Fullstendig mislukka tur og inntrykket av Vindreken som sat att vart: veldig bratt sti, glatt, tungt å gå, tett skog, og null utsikt. Konklusjon: Vindreken er sterkt oppskytt!
Men i dag vart det eit høve til å sjekke om eg kunne stå for denne oppfatninga eller om ho burde reviderast. Denne søndagen hadde stålande ver og sol med 10 - 15 grader, og ein sval bris. Perfekt til nytt forsøk på Vindreken. Klokka halv ti hadde Eirik og eg parkert bilen på den vesle plassen ved riksvegen der stien startar (like ved avkøyrselen opp til gardane) og var klare til å gå, men berre for å oppdaga at Eirik hadde hadde lagt att sine dyrebare skosålar heime. Skosålar er fint, men eg skjønar ikke at det er livsviktig for å gå tur. Heldigvis er det berre 10 min å køyre fram og tilbake, men på den tida hadde det kome eit heilt reisefølge med uhorveleg mange bilar, og alle skulle på Vindreken. Det vart nok problem for dei siste abkomne å finne seg parkering, men vi var effektiv og kom oss dermed i veg som dei første. Stien er godt merka heile vegen og lett å finne. Første stykket er ganske greitt, men det er berre skog og ein ser ikkje noko før ein kjem fleire hundre meter opp.
Nokre stader går stien langt ut mot stupet som ikkje sluttar før ein er nede i Esefjorden. Gå ikkje for langt utpå! Det er berre eit par år sidan ei veldig tragisk dødsulykke der ein mann fall utfor og omkom.
Eigentleg vert det berre brattare og brattare til ein kjem opp på ei lita forholdsvis flat slette på ca 750 meters høgde. Der var det tida var inne for ein liten pause, vatn og kvikklønsj. Midtvegsevalueringa sa at beina og resten av skrotten fungerte fint. Ikkje antydning til gnagsår, humøret var godt og varmen var passeleg. Det einaste negative var at eg hadde slått skallen opp i greiner fleire gonger og dermed fått meg to små skubbsår. Dei blødde ikkje.
Her skal vi heller ikkje klage over dårleg utsikt!
Reisefølget som kom samstundes med oss var langt bak, men jamen møtte vi ei dame der på veg opp, som sikkert var den som hadde starta først i dag. Ei sauemor med lam møtte vi også, men dei reknar vi ikkje med. Dei hadde sikkert overnatta. Dessverre er denne fine sletta ganske kort og så starta oppstiginga igjen. Det var ca 500 høgdemeter att, men like bratt som før. Nokre stadar var det verre. Trøysta var utsikta som vart betre og betre:
På slutten vert det månelandskap og den første Vindrekentoppen på 1259 meter dukka opp. Frå vi starta nede ved vegen hadde vi brukt ganske nøyaktig 2 timar 25 minutt hit opp, men vi gjekk jamt og hadde berre heilt korte pausar. No vart det ein lenger pause med matpakke, godt med drikke og resten av sjokoladen. Utsikten var fantastisk, ein har verkeleg kjensla av på vere på 'verdens tak'. Keipen ser vi på biletet under. Det ligg mykje snø der framleis for å vere snart midten av august.
Det er laga ein god sti med trapper opp til Keipen. Ein kan skimte han på biletet under til venstre for den stupbratte veggen på fjellet Gulleplet. Diverre ligg det framleis så mykje snø at det er ein strevsam tur å kome seg vidare oppover etter Gulleplet.
Det er ikkje langt å gå til den neste Vindrekentoppen som er 1273 meter og som byr på ein utruleg utsikt vidare nordvestover mot Gaularfjellet, vestover mot Munkeggi og nordover mot Tjuatoten og Geitaryggen.
Så var det spørsmålet om returen. Vi lurte på om vi skulle gå ned på sørsida mot Esestølen og Grisagrø, men vi var ikkje i stand til å sjå nokon sti som visstnok skal gå der ein plass og vere merka. Vi spurde nokre andre som dukka opp, men ingen var godt kjende og alle ville gå same vegen ned att. Vi valde den vegen vi også, og det var heilt greitt. Reisefølget møtte vi eit stykke lenger nede, dei så slitne ut, men syntest likevel å vere ved godt mot. Vi klarde å halde oss på føtene og kom heilt ned like heile. Gudskjelov hadde ingen i trengselen på morgonen parkert for eksempel rett framfor bilen vår heller, så etter ein tur på rundt 5 timar var vi heime att. Det var godt med ein dusj og middag. Konklusjon: Vindreken er bratt, tung å gå, tildels farleg, ikkje noko for urøynde, men likevel heilt fantastisk!!
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von Hommpbollen 12.08.2020 16:24Betre, men er framleis litt usikker på kvar ruta gjekk. Setninga « Klokka halv ti hadde Eirik og eg parkert bilen på den vesle plassen ved riksvegen der stien startar (like ved avkøyrselen opp til gardane)« gjev ikkje svar. Og så var det dette med morosame poeng og skosålane. Dei burde gjerast eitt poeng ut av avslutningsvis. Noko så enkelt som at ein kom heim att til sivilisasjonen og intakte skosålar. Eventuelt at sjølv om ein ikkje sparte på føter og sveitte på denne turen, så sparte han Eirik i alle fall på slitasje av skosålar. Det er heller ikkje feil å over- eller underdrive litt, til dømes av skildringa av det andre reisefølgjet. Dei såg ut som at dei hadde gått over Grønland på stylter til dømes.
Kein Titel
Geschrieben von Hommpbollen 09.08.2020 21:08Eg veit ikkje kva eg skal meine om dette. Ikkje fekk eg svar på kvar turruta gjekk, og heller ikkje kva slags vesentleg ting de hadde lagt att. Sistnemnde bygde opp forventninga men gav ingen svar seinare i rapporten, så dette var ein skriveteknisk stor bommert. Det mangla og morsomme poeng og vinklingar, noko ein god turrapport bør innehalde etter mi meining. Det held til ein svak trear på terningen, og de skal du vere godt nøgd med. Betre lukke neste gong!