Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Tur til Vindreken i Balestrand

Date:
09.08.2020

Vindreken i Balestrand er eit flott fjell som både kunstnarar, fotografar og folk flest alltid har beundra, men dei fleste har nok ikkje gjort anna enn det, for Vindreken er ikkje lett tilgjengeleg. Etter å ha budd i Balestrand i mange år og vore på dei fleste toppane, unnateke Vindreken, bestemte eg ein sommardag i fjor at dagen skulle brukast få få gjort noko med dette. Diverre var det litt tett morgontåke av det slaget som normalt lettar utover føremiddagen, men ikkje slik denne dagen ... Fullstendig mislukka tur og inntrykket av Vindreken som sat att vart: veldig bratt sti, glatt, tungt å gå, tett skog, og null utsikt. Konklusjon: Vindreken er sterkt oppskytt! Men i dag vart det eit høve til å sjekke om eg kunne stå for denne oppfatninga eller om ho burde reviderast. Denne >>>