Tur til Ygledalen i Balestrand (02.08.2021)


Lenge har eg budd i Balestrand og mange stadar har eg vore, men av ein eller annan merkeleg grunn har eg aldri vore i Ygledalen og Yglebotnen. Nokre innfødde balestrendingar og gode venner har titt og ofte snakka om Ygledalen og teikna mana fram eit bilete hovudet mitt som har veksle mellom eit Shangri-la og eit slags 'de fordømtes dal/dødens dal'. Sjå Yglebotnen og døy, liksom.
For å kome seg hit må ein orientere seg mot fjelltoppen Keipen inne i Esebotnen. Sekken vart difor pakka på ein måndags morgon med eit par liter vatn, litt å ete, kikkert og ein ekstra genser sjølv om temperaturen låg på behagelege 15 grader. Ein veit aldri.
Det er grei parkering i Esebotnen for alle som skal gå i kø til Keipen. Vegen går oppover på høgre sida av elva og er pynta med skilt her og der på fleire språk om at ein må ha hunden i band fordi der går husdyr, og gjer ein ikkje det så skal ein vite at laushundar vert skotne! Klar tale. Det er mange nok hundeeigarar som innbiller seg at akkurat deira hund er berre snill og at dei har alltid kontroll på han.
Så går turen vidare oppover heilt til ein kjem til eit vegkryss som ligg på 330m der ein tek til høgre for å kome til Gulleple og Keipen, men skal ein til Ygledalen går ein til venstre.

Stien vidare er ikkje merka, men det er lagt opp steinar her og der så det er lett å finne vegen. Stien bar også tydeleg preg av at her har gått ein del folk i det siste. Truleg er det ein handfull lokale entusiastar som jobbar med utbetring.

Første delen er opp ei skråning langs fjellsida. Det er mykje vegetasjon, men ein ser Ygleelva langt nede. Etter ein halvtimes tur endar stien nede ved elva og vidare er det dårlegare merka. Her er enorme bregneskogar slik det var på jorda i Juratida, og tanken på å brått sjå gapet til ein dinosaur streifar meg.

Ikkje langt unna vert det nærast månelandskap, men Ygleelva må forserast for å kome vidare. Tanken var å gå oppover til der elva kryssa dalen, men det viste seg å vere ganske dumt. Elva vart berre større og striare til lengre opp eg kom. Straumen var kraftig og eg hadde ikkje mykje lyst til å vasse heller.

Så det vart ein pause til å konstatere at det var faktisk ørlite dekning på mobilen, knaske i seg noko frukt og vurdere kva som var lurast å gjere. Eg kjende at lysten på ein god lunsj med nykokt kaffi på terrassen heime tok overhand, og alternativet med å gå ned heile vegen igjen langs elva for å finne eit vadested vart, ja, heilt uaktuelt!

Turen tilbake starta med ei ørkeslaus vandring inn i bregneskogen for å tenkte at det vart ein snarveg. Eg møtte ingen dinosaur, men vart bitt av ein flåttjæ... Så dukka vardane opp att og då gjekk det lett.

Alt i alt ein fin tur på ca 3 timar, men hit skal eg tilbake og kome meg over elva. Eg skal heilt inn i enden av dalen - til Yglebotnen.

User comments

  • -
    avatar

    Interessant!

    Written by Hommpbollen 03.08.2021 09:47

    Kva er det med denne sagnomsuste dalen som stadig trekk folk og fe. Eller er det berre på folkemunne at dette er tilfellet? Det var uansett interessant lesing. Neste gong vil eg vere med slik at eg kan sjå dette med eigne auge. Det minner meg om dalen Tralalal i Donald-historia om flaskekorkane, og dalen Donald og gutane flyktar til i historia om Gnafsevepsane og somosa-indianarane. Du veit, den historia med han fyren som øydela agurkmarknaden med innføring av agurkbiller, fordi han ville selje 30 millionar glas med sylta kålrot som han hadde ståande på eit nedslitee lager. Det er forresten mange slike Donald-historiar. Du har også Eggmysteriet, der dei finn ein dal kor alt er firkanta - til og med hønene.

    • -
      avatar

      Sv: Interessant!

      Written by Argok54 03.08.2021 09:55

      Eg har ikkje fått lagt inn bileta enno for eg må visst oppgradere før eg får lov til det. Det kunne sjå ut som det går an å kome seg vidare frå Yglebotnen og mot Vindreken eller Munkeggi. Litt bratt kanskje, men gåande. Kunne bli ein flott tur... Dei glasa med sylta kålrot, var ikkje dei veldig gamle også? Frå 1916 eller noko slikt?

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Interessant!

        Written by Hommpbollen 03.08.2021 11:32
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.