Tur til Keipen i Balestrand (25.07.2018)


Map
Ascents Keipen (1,426m) 25.07.2018

Tur til Keipen for Arnold, Eirik og Snusen, onsdag 25. juli 2018

På grunn av lavthengande skoddeskyar i fjella starta ikkje turen før kl 12.30. Då hadde det klarna opp og blitt gode forhold. Frå parkeringsplassen i Esebotnen går det ein godt merka sti med både skilt og raude merker. Ein skal vere ganske omtåka viss ein går feil her. Snusen, som er ein firbeint, gjekk i band heile tida. Både fordi det er bandtvang 1. april - 31. oktober i Balestrand, men også fordi det går nokre saueflokkar her. No har vi hatt hardtrening i å ikkje krangle med sauene eller slenge (bjeffe) ukvemsord til dei, og han oppførte seg heilt eksemplarisk.

Dei er ikkje spesielt glade i hundar
Dei er ikkje spesielt glade i hundar
Stien går opp til elva som var overraskande stor. Heldigvis er oppgraderinga av stien inkludert ei bru over elva. Viss ikkje hadde vi hatt eit problem i dag. Sjølvsagt hadde det vore finare med ei trebru med rekkverk og alt slikt, men kven skulle ha reparert ho kvar vår når ho blir most av flaum eller snøras?
Lat att grinda i endane så ikkje sauene går over; eller verre: ramlar i elva!
Lat att grinda i endane så ikkje sauene går over; eller verre: ramlar i elva!


Så går det berre oppover og oppover på fin sti som ei gruppe sherpa'er har jobba med i eit par år no. Det var bratt, lufta var varm og klam, og vi vart dyvåte av sveitte på ein augneblink.

Fint å gå for både folk og fe.
Fint å gå for både folk og fe.

Utsikten vart fort upåklageleg og det vart berre betre og betre:

Til høgre vi kom til lettare la ein merke til detaljar ein ikkje har sett før. Sjå til dømes det graskledde langsgåande feltet på fjellet Vindreken til venstre på biletet under. Kan der vere ei fjellhylle?

Fjelltoppen til venstre er Vindreken
Fjelltoppen til venstre er Vindreken

Denne nye stien går på sørsida av fjellet Gulleplet. På ein tur i 2016 gjekk vi på den andre sida. Det vart muligens kortare, men den stien var dårleg merkt og der var til dels uframkomeleg. Det vart likevel ei stor turoppleving. På ca 1000 m høgde på oversida av Gulleplet tok vi pause med litt mat, vatn, frukt og sjokolade. Til no hadde vi møtt kun eit tysk par som hadde planer om å kome seg heilt opp til Keipen. Vi får håpe denne turen er altfor hard til at det utviklar seg til masseturisme som til til dømes Trolltunga.
No var tregrensa vart passert og 'månelandskapet' tok til. Nokre stadar var det ganske bratt, men der hadde dei omtenksame sherpa'ene laga til rekkverk av tau eller wire. Vi kunne sjå Keipen, men det var likevel langt att.

Keipen omtrent midt på biletet
Keipen omtrent midt på biletet

Det siste stykket på rundt 1400m høgde går over Bjørnabreen som var faktisk ganske liten i år på grunn av varmen i heile sommar.

Bjørnabreen før Keipen
Bjørnabreen før Keipen

Så var det berre nokre hundre meter att, og Eirik og Snusen kom først.


Det var ganske kaldt på grunn av vinden og det faktum at vi er på 1417 m høgde. Dum er den som ikkje har med seg ei god jakke, noko på hovudet og gjerne hanskar også. På nordsida er det ganske bratt:
Det er ikkje så langt ned før ein treff ei hylle, men likevel..
Det er ikkje så langt ned før ein treff ei hylle, men likevel..

Utsikten bort til Geitaryggen som går heile vegen til Tjuatoten og Dragsvik er også stilig, men det er vrient å kome seg frå Keipen og dit bort.

Geitaryggen
Geitaryggen

Det blir ein lang tur nedatt.


Men det gjekk i grunnen fint. Vi brukte 3,5 timar opp inkludert to små pausar, og 2,5 timar ned med endå kortare pausar. Denne turen er ein potensielt 'kne-dødare', men det gjekk forbausande bra for alle samen. Veldig godt med middag og kaffi då vi kom heim!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.