Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Gesammelte Listen

Bisher habe ich mich noch an keiner Liste angemeldet.

Tur til Keipen i Balestrand

Datum:
25.07.2018

Tur til Keipen for Arnold, Eirik og Snusen, onsdag 25. juli 2018 På grunn av lavthengande skoddeskyar i fjella starta ikkje turen før kl 12.30. Då hadde det klarna opp og blitt gode forhold. Frå parkeringsplassen i Esebotnen går det ein godt merka sti med både skilt og raude merker. Ein skal vere ganske omtåka viss ein går feil her. Snusen, som er ein firbeint, gjekk i band heile tida. Både fordi det er bandtvang 1. april - 31. oktober i Balestrand, men også fordi det går nokre saueflokkar her. No har vi hatt hardtrening i å ikkje krangle med sauene eller slenge (bjeffe) ukvemsord til dei, og han oppførte seg heilt eksemplarisk. Stien går opp til elva som var overraskande stor. Heldigvis er oppgraderinga av stien inkludert ei bru over elva. Viss ikkje hadde vi hatt eit problem i >>>

Karte    

Tur til Munkeggi i Balestrand

Datum:
22.07.2018

Tur til Munkeggi. Arnold (tobeint) og Snusen (firbeint) Søndagen passa bra til ein tur til Munkeggi sjølv om skodda hang langt nede tidleg på morgonen. Eg og hunden kom oss i veg kl 08:50. Vi tok ruta til Kalbakk, inn dalen der og vidare opp skaret i retning Spenane, og så rett opp til Munkeggi. Ned att gjekk vi Nonskardet til Fagravatnet og vidare til Bruhjellstølen. Turen går opp vegen mot Skåsheim gard. Gå inn ei lita grind til venstre før husa og gå gjennom skogen eit kort stykke til grusvegen som går opp mot det gamle vassverket. Før det er det ei tydeleg pil som peiker mot stien til Kalbakk. Etter ei stund kjem ein til Gamlestølen og då går ein rett fram. Ikkje til høgre! Så er det eit lite stykke til første brua over elva som berre er ein svær, flat stein. Stien er >>>

Karte    

Frå Menes til Melsnipa i Balestrand

Datum:
07.07.2018

Turen frå Menes i Balestrand heile vegen til Melsnipa og ned Grøndalen til foten av Gaularfjellet er spektakulær, men ganske hard og slett ikkje ufarleg. På grunn av nokre ganske bratte parti er det ikkje tilrådeleg å gå der i regnver når berget vert glatt. Vi skulle eigentleg gå han i fjor, men på grunn av dårleg ver, dårleg tid og sikkert dårleg planlegging også, så vart han utsett til i år til sterke protestar frå Tor og lang furting. Helga som vart peikt ut vart heilt perfekt bortsett frå at Yr.no påstod at det skulle vere 0 grader på Harevollnipa om natta og krype opp til berre 5 gr. på føremiddagen. Vottar og strikkelue kom difor ned i sekken saman med ein tjukk ullgenser. Akkurat det vart heilt unødvendig, men kopp, rødsprit, kokeutstyr og kaffi blei veldig godt. >>>

Karte