Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Seinsommartur til Store Hånosi.

Date:
12.09.2014

Med gode vermeldingar i bakhand og godt turfølgje vart det bestemt at denne turhelga skulle gå til Store Hånosi. Fjellet er stort og ruvande men ligg relativt isolert til med lang anmarsj, så det er nok ikkje mange som finn vegen opp her. Det ligg også langt unna DNT sitt rutenett, så det er vel og noko av grunnen til at området ikkje er så trafikkert. Som utsiktspunkt er det førsteklasses då det ligg så fritt og med store opne landskap rundt. Vår tur starta ved fjellvegen mellom Aurland og Lærdal fredags kveld, me starta i halvmyrkni og gjekk over fjellet til Norddalssogane via høgd 1445 der me slo leir for natta, siste del av turen opplevde me eit fantastisk nordlys på nattehimmelen. Etter ei god natt og ein flokk med kontaktsøkande sauer som tilskodarar til frokost var det >>>

Map    

Hovsfjellet

Date:
01.07.2014

Etter ei fantastisk kajakkhelg mellom Flåm og Gudvangen, var det på tide å besøka eit fjell eg har tenkt lenge på. Hovsfjellet reiser seg nærare 1400 m opp av Sognefjorden og er lett å leggja merke til når du køyrer langs nordsida av fjorden mellom Leikanger og Sogndal. Denne giganten som let fjellfoten sin bli vaska av sjølvaste hovudløpet av Sognefjorden ligg som nemnt på sørsida av fjorden og vaktar inngongen til Fresvikbukti mot vest. På nordsida av fjorden ser den utilnærmeleg ut, men det fins tråkk og muligheter for å koma opp på denne flanken av fjellet, langs ein kam som går opp til ca 800 m. Om vinteren går det ofte skreder ned frå fjellet. Min tur starta frå utløpet av Kolåselvi ved Vigdalen, ca 3,5 km frå Fresvik. Ifylgje kartet skulle det vera ein stig oppover >>>

Map    

Nattbestigning Gjertvasstind

Date:
31.05.2014

Med god vermelding i ryggen bestemte eg meg for å prøva ein nattur til Gjertvasstinden. Turen vart ein kombinasjon av toppturski og med fjellsko\stegjern. Med ei travel arbeidsveke i Bergen bak seg var det godt å setja seg i bilen og nyta naturen inn mot Voss, Indre Sogn og Vest- Jotunheimen. Nådde Turtagrø etter 4 timars kjøring med gode pausar undervegs. Etter å ha parkert lunta eg stille og roleg innover Helgedalen, her fann eg ein flott leirstad ved elva, og kvilte ei lita stund før eg starta bestigninga. Kl 2230 starta eg frå Helgedalen, gjekk først til fots innover dalføret, etterkvart kom skiføret så skiutstyret kom på ca 1200 m høgde. Valde ei rute inn Styggedalen, føret var fint, påfrysinga av sommarsnøen var alt byrja, og det var frå no skareføre resten av turen. >>>

Map     2 comments

Stortur til Stiganosi.

Date:
26.09.2013

image:hslite_dsc03086.jpg Dagane 26.-27. september viste Vestlandsnaturen seg frå si beste side. Bestemte meg noen dagar i forvegen at det måtte bli tur til Stiganosi og med fri frå jobb fredagen var det berre å slå til. Rett i bilen fra jobb på Haukeland bar det innover langs E16 mot Voss, kort kaffe pause der, så møtte eg mine kjære foreldre på Vinje, dei hadde kjørt frå Vik i Sogn for å møta meg og avlevera ein hund i anledning turen. Den avleverte hunden, ein husky ved navn Zikander. Kom til Gudvangatunnelen aust i 19- tida om kvelden. Parkerte der, og vi starta stigninga opp mot den trange Jonadalen på Undredalshalvøya. Eit spesielt dalføre er dette, var bratt og kronglete til å starte med, dalen var nederst meir som eit gjel, men vida seg ut etterkvart, og blei etterkvart >>>

Map     2 comments