Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Nattbestigning Gjertvasstind

Date:
31.05.2014

Med god vermelding i ryggen bestemte eg meg for å prøva ein nattur til Gjertvasstinden. Turen vart ein kombinasjon av toppturski og med fjellsko\stegjern. Med ei travel arbeidsveke i Bergen bak seg var det godt å setja seg i bilen og nyta naturen inn mot Voss, Indre Sogn og Vest- Jotunheimen. Nådde Turtagrø etter 4 timars kjøring med gode pausar undervegs. Etter å ha parkert lunta eg stille og roleg innover Helgedalen, her fann eg ein flott leirstad ved elva, og kvilte ei lita stund før eg starta bestigninga. Kl 2230 starta eg frå Helgedalen, gjekk først til fots innover dalføret, etterkvart kom skiføret så skiutstyret kom på ca 1200 m høgde. Valde ei rute inn Styggedalen, føret var fint, påfrysinga av sommarsnøen var alt byrja, og det var frå no skareføre resten av turen. >>>

Map     2 comments