Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Hovsfjellet

Date:
01.07.2014

Etter ei fantastisk kajakkhelg mellom Flåm og Gudvangen, var det på tide å besøka eit fjell eg har tenkt lenge på. Hovsfjellet reiser seg nærare 1400 m opp av Sognefjorden og er lett å leggja merke til når du køyrer langs nordsida av fjorden mellom Leikanger og Sogndal. Denne giganten som let fjellfoten sin bli vaska av sjølvaste hovudløpet av Sognefjorden ligg som nemnt på sørsida av fjorden og vaktar inngongen til Fresvikbukti mot vest. På nordsida av fjorden ser den utilnærmeleg ut, men det fins tråkk og muligheter for å koma opp på denne flanken av fjellet, langs ein kam som går opp til ca 800 m. Om vinteren går det ofte skreder ned frå fjellet. Min tur starta frå utløpet av Kolåselvi ved Vigdalen, ca 3,5 km frå Fresvik. Ifylgje kartet skulle det vera ein stig oppover >>>

Map