Seinsommartur til Store Hånosi. (12.09.2014)


Map
Ascents Store Hånosi (1,836m) 12.09.2014

Med gode vermeldingar i bakhand og godt turfølgje vart det bestemt at denne turhelga skulle gå til Store Hånosi. Fjellet er stort og ruvande men ligg relativt isolert til med lang anmarsj, så det er nok ikkje mange som finn vegen opp her. Det ligg også langt unna DNT sitt rutenett, så det er vel og noko av grunnen til at området ikkje er så trafikkert. Som utsiktspunkt er det førsteklasses då det ligg så fritt og med store opne landskap rundt.
Vår tur starta ved fjellvegen mellom Aurland og Lærdal fredags kveld, me starta i halvmyrkni og gjekk over fjellet til Norddalssogane via høgd 1445 der me slo leir for natta, siste del av turen opplevde me eit fantastisk nordlys på nattehimmelen. Etter ei god natt og ein flokk med kontaktsøkande sauer som tilskodarar til frokost var det på tid å leggja i veg mot dagens neste leirstad, Hånostjørni. Terrenget innover var ope og fritt og teltet vart slått opp ved Hånostjørni ikkje langt frå Store Hånosi. Frå her vart det ettermiddagstur opp på toppen. Flott utsyn var det, men mot nord øydelagde ein del skyer det heilt store utsynet. Brukte ca 2.5 timar opp og ned frå leirstad til Store Hånosi. Vart forresten overraska over den frodige vegetasjonen opp flanken på Hånosgavlen, her var det vegetasjon og mose heilt opptil nesten 1700 m.o.h!
Tilbaketuren dagen etter til bilen gjekk fort, terrenget var lett, me gjekk via Bukkaholmvatnet og hyttene ved Norddalshilleren og over Tissedalshøgdi. Litt knotete var det på siste del av turen over høgdi grunna mykje opp og ned og grov ur. Neste gong vil eg nok heller gå inn via Tissedalsvatnet eller fortsetta over frå sørsida av Norddalsvatnet.
Ein topp eg definitivt kjem tilbake til er heilt sikkert, truleg på ski neste vår.

Frå austsida av Store Hånosi.
Frå austsida av Store Hånosi.
Store Hånosi, 1836.
Store Hånosi, 1836.
Utsyn mot Bukkaholmvatnet, 1529, og Blåskavlen(1809) bakerst.
Utsyn mot Bukkaholmvatnet, 1529, og Blåskavlen(1809) bakerst.
Utsyn attende til Store Hånosi frå Tissedalshøgdi.
Utsyn attende til Store Hånosi frå Tissedalshøgdi.
Utsyn frå Tissedalshøgdi mot Norddalsvatnet, 1434.
Utsyn frå Tissedalshøgdi mot Norddalsvatnet, 1434.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.