Skredkurs Jostedalen dag 2 (13.02.2021)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startsted Vigdal
Turlengde 0t 1min
Kart
Bestigninger Buskrednosi (1505moh) 13.02.2021 18:25
Andre besøkte PBE'er Syneshaug vinterparkering (556moh) 13.02.2021 18:25

Andre dag på skredkurs i Jostedalen.

Dag 1
Dag 3

I dag var det enda kaldare enn i går, og eg flira litt over hyttenaboane som sleit med å få start på bilane sine i kulden, før eg kom på at eg kanskje burde prøve sjølv - sidan vi skulle bruke min bil i dag (Teslaen til dei andre kursdeltakarane syntest heller ikkje kulden var heilt topp, og ladefasilitetane på campingen var av ein slik sort at sikringa gikk kvar gong panelovnen på soverommet mitt slo seg på).

Vel, pickupen starta ikkje, så då måtte naboane berre taue den fram og gi den litt starthjelp. Det viste seg at ingen av bilane hadde starta, men at den eine hadde ein powerpack som då hadde hjelpt bilparken i gang ein etter ein. Ingen grunn til å bli høg i hatten altså.

Endelig start
Endelig start

Vi køyrde deretter eit stykke ned jostedalen, tok til venstre der den var absolutt brattast, opp nokre stupbratte svingar og ein bekmørk tunell, før vi kom opp i ei bygd oppi fjellet, med hestar og akebrett og alt mulig. Her budde det altså folk. Sogningar altså. Historia ville ha det til at når ungane her oppe vart trøytte så la dei seg berre ned og lot seg snøve ned som ein isbjørn. Så vakna dei nokon dagar seinare. Kanskje var ikkje historia akkurat slik? Men eg har kjent nokon sogningar oppgjennom, og det høyrest ikkje heilt urimelig ut heller.

Dagens program var legging av spor i litt sånn småtricky terreng opp mot Buskrednosi. Det gikk ganske greit, særlig sidan dei par hundre stykker som var på tur denne dagen la løypa si omtrent der vi hadde tenkt. Særlig koselig var det å sjå at vi i dag fekk kome oss på TOPPEN! Fantastisk utsikt, med Jostedalsbreen på eine sida og Hurrungane på andre. Milde måne!

Sidan eg i dag brukte sånne korte lette ski etter gårsdagens klisterfadese, vart det inga stor nedkøyring i den flotte laussnøen. Men men, sånn var det. Fin dag var det likevel!

Hurrungane og Jotunheimen
Hurrungane og Jotunheimen

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av ligroenb 18.02.2021 22:22

    Ser og høres ut som at du fikk en finfin helg og mye gode erfaringer på alle slags vis i løpet av helga :-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Skrevet av kobbenes 20.02.2021 07:51

      ja kjempehelg! masse læring - og eg er framleis særs nøgd med å ha alle desse fantastiske fjellområda rundt meg heile tida!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.