Skredkurs Jostedalen dag 3 (14.02.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Map
Visits of other PBEs Vinterparkering Myri (531m) 14.02.2021

Tredje dag på skredkurs i Jostedalen.

Dag 1
Dag 2

Dagen i dag var litt mildare, og alle bilar starta av seg sjølv.

Vi møtte igjen på Myri, og denne gongen gikk vi opp Vanndalen. På menyen i dag stod søk og redning med skredsøkar og utstyr. Ein programpost eg har gleda meg til sidan eg har hatt stæsjet i 10 år og aldri prøvd sakene - noko som vart klart for alle då eg drog ut søkestanga og prøvde å sette den saman som ei teltstang. Med påfølgande sogne-pedagogiske utbrot frå føraren.

Vel vel. Litt kald trekk gjorde at vi gikk litt på til vi kom opp i lia ovanfor Vanndalsvatnet. Her vart det lunch i solveggen før vi tok nokon runder med søk og redning. Virkelig nyttig! Eg er ein idiot som ikkje har lært meg dette før.

Deretter kom det endelig litt flott skikøyring ettersom eg hadde fått rensa skia etter fredagens klisterfadese. Eg nådde ikkje att ho som dura nedover bakkane med 60L-sekk og smale telemarksski, men ho trur eg uansett braut fartsgrensa.

Deretter var det 3 timar i bil tilbake til Stårheim, berre avbrote av ein stopp på Circle K Skei for det aller mest nødvendige.

Flott helg!

I Sogn bur det folk over alt
I Sogn bur det folk over alt

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.