Nf Skredkurs Jostedalen dag 1 (12.02.2021)


Start point Myri
Map
Visits of other PBEs Vinterparkering Myri (531m) 12.02.2021 18:12

Som ein del av forflytninga til Nordfjord har eg tenkt å vere meir i fjellet, og også kurse meg litt opp - både for eigen del og for mogleg nytte for andre, kva no enn det kan bety. I alle fall, denne helga hadde eg teikna meg opp på skredkurs i Jostedalen med Norgesguidane.

Det var fleire fordelar med dette. Både var kurset godkjent som ein del av kursstigen til Norsk Fjellsportforum, OG den var langt vekke frå ungar og kjas og mas - ein lang køyretur gjennom flott vestlandsnatur!

Vi var berre tre påmelde, og skredguru Jostein Aasen skulle vere instruktør. Det var oppmøte på Myri Parkering fredag klokka 10, og sidan eg er nervøs for å kome for seint så gjorde eg alt klart kvelden før. Skia var pakka i lasteplanet med fellar på og alt på stell. Ein kunne jo ikkje framstå som ein rein amatør heller.

Vel vel, i 12 blågrader hoppa eg i bilen på Stårheim fredag morgen, og var på plass i jostedalen i god tid. Her kraup temperaturen ned til 30 blå, men på myri var den heldigvis meir behagelige 20 minus.

Så det vart lite småprat då resten kom (ja, eg var først), og vi gikk raskt opp til sola i Vetle Geisdalen. Herifrå vart det ein fin dag med prat om snøtypar, gjenkjenning av terreng og graving av snøprofil på ryggen ovanfor Bufornosi. Været var nydelig fint, og all den livsfarlige omdanna snøen likeså, så lenge den ikkje vart dekt av noko.

Deretter var det berre å drage fellane av skia ved Vatnahalsen og nyte turen tilbake til bilen. Men heisann - her sat veldig mykje av fellelimen att på skia! Kva i alle dager? Dette gjekk knapt framover, og fliret til guruen var ikkje av det pedagogiske slaget. Det gjorde ikkje saka bedre at han slengde på meg namnet "Klistrian". Eg kom meg med tid og stunder med. Utan æra i behold.

Jaja, fin dag læll. Det vart god mat og hyggelig selskap på campingen på kvelden, etter ein strålande dag i fagre Sogn!

Dag 2
Dag 3

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.