Skaihøe (17.07.2025)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Skaihøe (1,590m) | 17.07.2025 15:35 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Liasæter p-plass (950m) | 17.07.2025 13:01 |
Tur med Kristine. Else Margrethe og Henry vart at hos farmor og bestefar på Nygaard, og Kristine og eg drog til Vågåmo. Etter ei lita pause der, drog vi til parkeringsplassen på Liasetra. Vi gjekk litt i feil retning først, men oppdaga det tidleg. Greit råk oppover, men ein del kratt som vaks inn i det. På om lag 1300moh vart råket borte.
Dette var ein enormt varm dag, så vi ville bade i Blakkstjønne. Vi gjekk eit lite stykke på sørsida av vatnet før vi fann ein grei badeplass. Ikkje det finaste vatnet å bade i, da det var langgrundt og gjørmebunn, men veldig godt med eit avkjølande bad.
Vidare gjekk vi rundt vatnet, og opp på toppen. Flott utsikt, men disig i varmen. Ned att gjekk vi meir rett mot Liasetra.
Etter turen åt vi middag i Vågåmo, og fann ein overnattingsplass i lia oppover mot Blåhøe. Dagen etter gjekk turen til Storhøe og Brånåhøe

User comments