Storhøe og Brånåhøe (18.07.2025)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Storhøe (1.382m) | 18.07.2025 12:03 |
---|---|---|
Brånåhøe Vesttoppen (1.332m) | 18.07.2025 13:16 | |
Brånåhøe (1.337m) | 18.07.2025 13:37 | |
Besuche anderer PBE | Køyring p-plass (940m) | 18.07.2025 10:08 |
Gjetarbue (1.165m) | 18.07.2025 11:05 | |
Klovningsstein (1.215m) | 18.07.2025 11:33 | |
Jettjønne p-plass (1.065m) | 18.07.2025 15:03 |
Vakna opp i bilen langt på dag etter ein god natts søvn, etter turen på Skaihøe dagen før. Vi køyrde først ned i Vågåmo for frukost, før vi drog inn bomvegen mot Blåhøe. Vi parkerte på parkeringsplassen ved Køyring og gjekk i vegen oppover mot Storhøe. Råket var ikkje så bra som vi hadde håpa på. På veg oppover var vi innom den koselege Gjetarbue, der det var mykje ammeku. Vidare gjekk vi på råk opp til Klovningssteinen, og utan råk opp til toppen.
Frå Storhøe gjekk vi utan råk over til vesttoppen på Brånåhøe. Der trudde vi at det skulle bli råk, men det var veldig dårleg. Råket ned at frå høgaste toppen på Brånåhøe derimot, var veldig bra. Frå Jettjønne gjekk vi bilvegen ned at til parkeringa på Køyring.
Benutzerkommentare