Skaihøe (17.07.2025)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Tourlänge 4h 31min
Entfernung 10,8km
Höhenmeter 672m
GPS
Besteigungen Skaihøe (1.590m) 17.07.2025 15:35
Besuche anderer PBE Liasæter p-plass (950m) 17.07.2025 13:01

Tur med Kristine. Else Margrethe og Henry vart at hos farmor og bestefar på Nygaard, og Kristine og eg drog til Vågåmo. Etter ei lita pause der, drog vi til parkeringsplassen på Liasetra. Vi gjekk litt i feil retning først, men oppdaga det tidleg. Greit råk oppover, men ein del kratt som vaks inn i det. På om lag 1300moh vart råket borte.

Dette var ein enormt varm dag, så vi ville bade i Blakkstjønne. Vi gjekk eit lite stykke på sørsida av vatnet før vi fann ein grei badeplass. Ikkje det finaste vatnet å bade i, da det var langgrundt og gjørmebunn, men veldig godt med eit avkjølande bad.

Vidare gjekk vi rundt vatnet, og opp på toppen. Flott utsikt, men disig i varmen. Ned att gjekk vi meir rett mot Liasetra.

Etter turen åt vi middag i Vågåmo, og fann ein overnattingsplass i lia oppover mot Blåhøe. Dagen etter gjekk turen til Storhøe og Brånåhøe

Utsikt attende mot Liasetra, Vågåvatnet, Lom og Storivilen tidleg på turen
Utsikt attende mot Liasetra, Vågåvatnet, Lom og Storivilen tidleg på turen
Oppover mot Skaihøe
Oppover mot Skaihøe
Like før der vi bada i Blakkstjønna
Like før der vi bada i Blakkstjønna
Skaihøe frå Blakkstjønna
Skaihøe frå Blakkstjønna
Ned til Blakkstjønna, frå oppstigninga til Skaihøe
Ned til Blakkstjønna, frå oppstigninga til Skaihøe
Utsikt mot Dovrefjell frå toppen
Utsikt mot Dovrefjell frå toppen
Utsikt mot Blåhøe/Jetta, med Rondane bak. Storhøe og Brånåhøe, toppane vi var på dagen etter, skimtes til venstre for Blåhøe
Utsikt mot Blåhøe/Jetta, med Rondane bak. Storhøe og Brånåhøe, toppane vi var på dagen etter, skimtes til venstre for Blåhøe
På toppen
På toppen
Utsikt mot Tesse og Lemonsjøen, og fjella rundt
Utsikt mot Tesse og Lemonsjøen, og fjella rundt
Mot Vågåvatnet og Storivilen
Mot Vågåvatnet og Storivilen
Utsikt mot vest/nordvest
Utsikt mot vest/nordvest
Galdhøpiggen midt i bilde
Galdhøpiggen midt i bilde

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.