Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Hornet i pjuskeduskeregn

Date:
14.05.2017

Holahopp :-) Dette er ein finfin tur å drasse med både kjeringa og ungane. Vi kaurde bilen opp til eit lite gårdsbruk, tok av ved Sørland på Torheimsvegen. Dette hjalp mykje då ungane er 5 og 8 år, og såg brått kor høgt vi kom med bilen. Der vi parkerte gjekk det ei fin og slakt stigande rås inover i skogen, og ungane storkosa seg. Etter ei lita periode med brattare stigning kom vi fram til eit lite sel, her møter vår sti den som kjem frå Hamneset. Her tok vi og strompla innpå kvikklunch og appelsin, slik at resten skulle gå som ein leik. Vi gjekk oppover og stigninga er fin i høve den alderen våre ungar er på. Det som vart utfordringa er at sjølve toppen ligg bak nokre l"luretoppar", så ungane blei noko utolmodige i duskregnet. Då vi kom opp var stemninga stor, >>>

Map    

Vedviknibba var heilt i orden den :-)

Date:
22.02.2017

Hola hopp, dette var ein bratt topp :-) Turen gjekk frå sentrum av Leivdalen, det byrja med ein slak stigning i skogsveg, men etter ei stund følte eg raskt at dette var Stairway to hell. Det gjekk ofte i klatring, og det var sleipt og eg vurderte fjellvettregelen om å snu kvart femte steg. Likefullt staura eg meg opp i godt lag, og når vi kom over skogsgrensa vart det tusling i skaren. Dette gjekk overraskande greitt, og vi lukkast med å finne toppen :-) Vi skreiv oss stolt inn i boka, før vi brått og uventa kom på at vi måtte returnere ned skaren.... Vi gjekk, sklei på ræva og hoppa litt om eit anna, men pusta letta ut då vi entra skogen og snåflekkane blei langt imellom. Herifrå og ned handla det om å halde seg på beina og det gjekk greit. I ettertid har eg og klamra meg opp >>>

Map    

Lundavarden i solsteiken, FLUUUUGA RAOOOO

Date:
20.07.2016

Ostepopp og flugedrit.... Det var ein varm og stormfull aften, på morgonen bestemde me oss for å bestige mektige Lundavarden.... Det gjekk greitt so lenge me var i bilen, den blei parkert i ein skogsveg på veg opp i ein dal eg trur heiter Remmedalen. Så fort eg seig ut av bilen møtte ein flugekomitee meg, og eg forsto raskt at dei ville guide meg heilt opp. Turen gjekk først opp til ei sæter, ikkje veit ikkje eg ka den heitte, men då eg såg bakken eg skulle opp no så tenkte eg berre fytti helve.... Det var bratt, varmt og noko så inni satan med flugejævlar som snurra i og utafor skallen min. Eg gjekk raskt i sinne opp bakken, i håp om at trekk i høgare luftlag skulle jage flugene vekk, men nopes, dei berre formeira seg.... Ein veldig fin tur om ein kunne sett noko, men flugeskya >>>

Map    

Slepp å få propp i øyret her, Åsebønakkjen er besteget....

Date:
20.07.2016

Ja dette var eit relativt enkelt kryss å få.... Vi pakka kidsa i bilen, staka ut kursen og parkerte på ein fin parkeringsplass i sentrum av Frislid-området(?) Det var ein fin tur for ungane, masse kongler og anna styr å leike med. Råsa var ikkje like tydeleg alltid, men det var ikkje krevjande å sjå kor vi måtte gå. Her er nok eit eldorado for blåbærplukkarar i august, men for meg som sjølverklært toppjagar, ja så er dette ein som berre må kryssast av og ferdig med det. Fint område på toppen for leik og matpause med kids er ein klar pluss. Vi returnerte med happy kids, og difor fann eg glede i denne. Ikkje noko treningsøkt for min noko korpulente kropp.....

Map    

Trollvassnyken check

Date:
02.07.2016

Hola bandola :-) Ein finfin julidag som vi tolka som for varm til å vere nede i låglandet. Vi plukka oss ut Trollvassnykjen som eit passeleg mål for turen. 4 stk fylde opp bilen, og vi parkerte etter ein kort køyretur. Starten av turen gjekk opp i slakt terreng, fint og varmt, men så er det Stårheimsflugene dååå.... Dei virra rundt oss til vi hadde tusla oss godt oppi høgda, der kom det ein trekk og dei søkte ned att til neste turfølje dei kunne plage. Dette var ein strålande fin tur, ikkje for bratt og det var majestetisk å spasere på snøen i solsteiken i flotte omgivnadar. Når vi kunne sette oss ned ved varden på toppen var utsikta heilt enorm. Det var rett og slett pent, og nista blei teken inn med ro i sjela. Nedatt var det full rulle over snøen, deileg kjensle. Dette var >>>

Map    

Sendaren :-) Toppen av utsikt :-)

Date:
25.06.2016

Sandal-Aaland mountainklimbers toppar Høgefjellet...LÆTT :-) Det mest krevjande her var faktisk å køyre opp til Flåkl....LOTSBERGSTØYLEN. Svingar og traktorar og smalt... Det var med tung pust vi parkerte og kunne samle oss om dagens oppgåve, 1022 moh. Vi tusla oppover og fekk ei svært god oppleving i det fine veret. Det er uansett ikkje det same å tusle på ein grusveg som det er å finne ei rås i skog og mark... MEN fint var det. Vi observerte fleire toppar i kring oss som vi trudde vi visste namnet på og skal bestige med litt tid. Vegen opp var fin å gå, jamn og ikkje dei heilt store utfordringane. Kjensla av å touche tårnet på toppen og skrive seg inn i boka var heilt ok, betre var det å nyte synet utsikta gav oss frå denne plassen. Spesielt innover mot Honndalen var det >>>

Map    

Rindahornet med kompisar

Date:
08.05.2016

Helloisen :-) Dette var ein finfin kveldstur etter enno eit bedritent kjedeleg møte på jobb. Vi køyrde bilen opp på Rindane, og gjekk deretter oppover ein steinlagt traktorvegliknande sak, før vi etter kvart såg Hjellesetra i det fjerne. Her tok vi til venstre og etter litt brattare områder på fin rås så kunne vi endeleg reise henda i været og skryte på oss ein topp med flott utsikt over vakre Nordfjordeid. Ryktene om at dette er eit område der den jæ... Hoggormen kosar seg, gjorde at eg insisterte på kort pause og returen lot ikkje vente på seg. Dette er ein finfin tur for oss som likar Snickers betre enn gulrot og havresupa. Enjoyed the trip :-)

Map    

Veten

Date:
17.06.2015
Map    

Naustdalskamben

Date:
24.04.2014
Map    

Skuletur med Eid ungdomsskule

Date:
unknown
Map