Vedviknibba var heilt i orden den :-) (22.02.2017)


Map
Ascents Vedviknibba (729m) 22.02.2017

Hola hopp, dette var ein bratt topp :-)

Turen gjekk frå sentrum av Leivdalen, det byrja med ein slak stigning i skogsveg, men etter ei stund følte eg raskt at dette var Stairway to hell. Det gjekk ofte i klatring, og det var sleipt og eg vurderte fjellvettregelen om å snu kvart femte steg. Likefullt staura eg meg opp i godt lag, og når vi kom over skogsgrensa vart det tusling i skaren. Dette gjekk overraskande greitt, og vi lukkast med å finne toppen :-) Vi skreiv oss stolt inn i boka, før vi brått og uventa kom på at vi måtte returnere ned skaren.... Vi gjekk, sklei på ræva og hoppa litt om eit anna, men pusta letta ut då vi entra skogen og snåflekkane blei langt imellom. Herifrå og ned handla det om å halde seg på beina og det gjekk greit. I ettertid har eg og klamra meg opp til Nibba frå Tua skianlegg, og det er ein mykje lettare tur i mine auge. Fin utsikt, men travel topp :-)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.