Minnerik fin dag i norges indrefilet av fjell! (24.04.2021)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Turtagrø
Characteristic Randonnée/Telemark
Distance 11.4km
Vertical meters 1,201m
Map
Visits of other PBEs Dyrhaugsryggen (2,085m) 24.04.2021
Reiste innover til Turtagrø etter nokre få timar nattesøvn kvile!! Etter fin feiring ilag med nære og gode!
Reiste innover til Turtagrø etter nokre få timar nattesøvn kvile!! Etter fin feiring ilag med nære og gode!

Etter fin feiring ut mot dei tidlege morgontimer mot ein ny milepæl! Var eg delvis klar for dagens turliv!! 3,5 timer søvn gjere noko med diverse aldrande teikn! Jostedalsbreen og Kvannebakkbu var planen for helga! Det var komt eindel snø i området med kanskje noko skredproblematikk , så eg ringde då til min gode venn Svein som eg visste var inne på hytta si på Turtagrø. Kva forhold var det i dei kjære fjelltindane der!! Brukbart fint var svaret & velkommen! :) Ikkje så mykje meir å lure på då. Svein er den eg har hatt dei mest ekstreme turane mine ilag med. https://peakbook.org/tour/77204/Fjell+Lykke%21%21.html Nydelige klatreturar her heime i Sogn & Fjordane og mange i Hurrungane - massivet.https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html Også høgre fjell, med ikkje minst Aconcagua 6960 moh i Sør Amerika. (Vi måtte snu 300 hm under toppen pga uvær!) Så mange gode minner å dra fram og som gir den finaste drivkrafta vidare til det livet ein elsker aller høgst. Den siste markante tur i Hurrungane- fjellmassivet vårt her heime i Sogn & Fjordane av 2k topper blir Sentraltind, Maradals- Jernskartindane ++ ei sommernatt og blir ein av sommarens planer! :) Det vart ein noko sein men, strålande fin ettermiddag & luffetur til Dyrhaugsryggen til eit etterkvart betre og strålande, kaldt ver! Sidan eg sjeldent går i kjole og heller som regel alltid i treningstøy! Er det ei greie for meg å markere eit par ganger i livet med noko så kvinnelig, men i mine auge så ufattelig lite praktisk som galla/fest/kjole. Det vart ein aldri så liten foto seanse til "hyllest" for min milepæl men like mykje ein gest til då det eg tenker som dei vakraste omgivelser! Indrefilen av det vakraste i Sogn & Fjordane og i vårt land av høgaste fjell. Himmelsk fin kveld vidare på Turtagrø med kreps & Champagne i godt lag :)

https://www.youtube.com/watch?v=ItacaaT6Nsk

https://peakbook.org/tour/89484/Storebj%C3%B8rn+og+Sm%C3%B8rstabbtindane.html

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.