Fjell Lykke!! (20.07.2013)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Storehaug ved Turtagrø (850m)
Endpoint Storehaug ved Turtagrø (850m)
Characteristic Hillwalk
Duration 14h 30min
Map
Ascents Midtre Dyrhaugstinden Nord (2,135m) 20.07.2013
Midtre Dyrhaugstinden Sør (2,134m) 20.07.2013
Store Dyrhaugstinden (2,147m) 20.07.2013
Søre Dyrhaugstinden (2,072m) 20.07.2013
Store Skagastølstinden (2,405m) 20.07.2013

Denne sommeren hadde eg bestemt meg for å bruke all ledig tid og godvers dagar som måtte komme til fjelltoppar i Jotunheimen. Også ein super treningsform med sekk og litt høgde i forkant av fjell løpa. Eit venne par frå Jølster har bygt seg hytte på Storehaug ved Turtagrø! Planen var å besøke dei og kombinere det med ein 2000 Topp iløpet av sommaren... Etter vermeldingane for denne helga var det berre greit, Svein og Mona var på Hytta, meldingane Canon Bra. Eg starta frå Eikås kl 04.30 plukka med meg ei veninne av dei undervegs, og tre timar seinare sto vi på hyttetrappa. Vi vart møtt med ny trekt kaffe og frukost. Noko som gjorde sus for dagens fjelltur:) kl 08.00 var eg og Svein klar for dagens tur! dei to andre ville ta rolegare tur i Skagastølsdalen og innom Tindeklubbhytta. Planen for dagen var eigentleg å gå til Bandet og klatre den klassiske ruta til Søre Dyrhaugstinden.... Svein hadde vore på Storen eit utall ganger før!! Eg hadde ikkje vore der og det gnog ein aldri så liten grande...!! Oppover dalen så gjekk det så leikande lett.. Så måtte jo spørsmålet berre komme, du Svein! trur du vi kunne stikke oppom Storen ein tur først.. vi kjem jo så tidleg opp på Bandet og det er jo faktisk eit strålande ver... lite folk og vi må jo nyyte heile dagen i fjellet, under sånne sjeldne omstendigheiter!! :) " Ja, det kan late seg gjere" .. men, vi ser når vi kjem opp på Bandet! Turde ikkje å nemne noke før vi var der. For på Bandet var det faktisk folketomt, ikkje såg eller høyrde vi folk. Så då var saken grei, Ok å sleppe køa der oppe, sjølv om vi tenkte at det var nok ein del folk under vegs.. .Vi tek turen oppom Storen! var beskjeden frå Svein :) Hærleg!! Ein kjempe fin tur oppover, fjellet var tørt og fint, så vi gjekk svaene uten sikring og sparte tid på det. Turen gjekk via Vigdals sva, neimen ikkje mange vi møtte på vår tur. Nesten på toppen synest eg at det var noko kjent med ein energisk kar, som for sprettande rundt omkring. Det kunne jo ikkje vere noken andre enn Signar som var på tur, Martine sto eit lite stykke lengre nede og venta:) Alltid kjempe triveleg å treffe på kjent folk :) Litt vind på Toppen, men eit flott skue! Vi tok oss tid til foto og nyte fjell utsikta rundt. Turen ned att gjekk unna uten problem, fine snøfonner som var slusj etter sola, å skli på.. Nede ved hytta traff vi igjenn på Signar og Martine som hadde gitt seg tid til å nyte sola og matpause. Vi gjorde det same ei lita stund, før vi fortsette vidare klatreturen opp Søre Dyrhaugstinden. Det vart ein noko kald fornøyelse, det lei så ut på dag. Vinden hadde auka på ganske mykje og pressa seg opp fjellsida. Det var så pass at det var trøbbel å halde fotfeste i vindkasta. Heldigvis har eg alltid med ei dunjakke...!! så det tok litt brodden av kulda som vart av vinden, og det å stå i ro lenge å vente! Vel på Toppen med glede, og så rusle den lange Dyrhaugsryggen i kveld sol heim.. Dvs overnatting i telt for min del, nede ved Turtagrø kl 23.00 Fantastisk å krype i soveposen :) :)

Ved Tindeklubbhytta og fint skue mot Bandet og Skagastølsbreen
Ved Tindeklubbhytta og fint skue mot Bandet og Skagastølsbreen
Midtmaradalen
Midtmaradalen
På Bandet og Skagastølsbu
På Bandet og Skagastølsbu
Flott syn mot Søre Dyrhaugstinden
Flott syn mot Søre Dyrhaugstinden
Photo Shoot i Trollske omgivelsar!
Photo Shoot i Trollske omgivelsar!
Blikkstille og eit fantastisk skue over fjella i Hurrungane
Blikkstille og eit fantastisk skue over fjella i Hurrungane
kl 11 og stortoppen i syne :)
kl 11 og stortoppen i syne :)
Svein
Svein
Så vanvittig Hærleg ein dag i fjellet og eit strålande ver :)
Så vanvittig Hærleg ein dag i fjellet og eit strålande ver :)
Snart på toppen :)
Snart på toppen :)
Så vanvittig Hærleg ein dag i fjellet og eit strålande ver :) snart på toppen :)
Så vanvittig Hærleg ein dag i fjellet og eit strålande ver :) snart på toppen :)
Så vanvittig Hærleg ein dag i fjellet og eit strålande ver :) Store Skagastølstind
Så vanvittig Hærleg ein dag i fjellet og eit strålande ver :) Store Skagastølstind
 Store Skagastølstinden
Store Skagastølstinden
Store Austanbotntinden i midten
Store Austanbotntinden i midten
Snart på toppen av Søre Dyrhaugstinden, fint å sjå tilbake på eit flott besøk på Storen!
Snart på toppen av Søre Dyrhaugstinden, fint å sjå tilbake på eit flott besøk på Storen!
På toppen av Søre Dyrhaugstinden etter klatretur opp frå Bandet
På toppen av Søre Dyrhaugstinden etter klatretur opp frå Bandet
På toppen av Søre Dyrhaugstinden etter klatretur opp frå Bandet.. og ein vellykka tur på Storen! Sååå fornøgd :)
På toppen av Søre Dyrhaugstinden etter klatretur opp frå Bandet.. og ein vellykka tur på Storen! Sååå fornøgd :)
Fin avslutning heim! i kveldsskyminga over Dyrhaugsryggen Etter ein fantastisk fjelldag i strålande ver!!
Fin avslutning heim! i kveldsskyminga over Dyrhaugsryggen Etter ein fantastisk fjelldag i strålande ver!!

User comments

  • -
    avatar

    Fjellykke

    Written by JoSo 07.02.2014 00:32

    Litt av en tur, Janne :) Supert!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.