Ein Heftig og nydeleg Smørstabbtindtravers! (25.05.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Krosshø P (1,260m)
Endpoint Krosshø P (1,260m)
Characteristic Alpine trip
Duration 15h 00min
Distance 20.3km
Vertical meters 1,756m
Map
Ascents Austre Kalven (2,034m) 25.05.2014
Midtre Kalven (2,030m) 25.05.2014
Vestre Kalven (1,995m) 25.05.2014
Kniven (2,133m) 25.05.2014
Sauen (2,077m) 25.05.2014
Skeie (2,118m) 25.05.2014
Vestre Skeie (2,113m) 25.05.2014
Sokse (2,189m) 25.05.2014
Sokse Nordklo (2,182m) 25.05.2014
Veslebjørn (2,150m) 25.05.2014
Veslebjørn Nord (2,110m) 25.05.2014
Veslebjørn Vest (2,090m) 25.05.2014

Eit eventyrleg år så langt med finversdagar i fleng, uvant kost for ein vestlending :) Etter ei runde rundt Smørstabbrean forrige helg, var det fristande å ta med resten av toppane denne helga. Svein, Stian og Mona var komt på hytta, eg reiste seint inn fredags kveld etter jobb. Rask avgjerd! Det var meldt litt regn på morgon, men så skulle det bli strålande ver igjen!! Lørdagsmorgen låg skodda temmeleg tjukk rundt teltet mitt, tenkte att det ville bli betre ut på dag. Her var det berre å få i seg havregryna, og få med alt som måtte til for ein lang dag! Denne turen såg eg virkeleg fram til med ei litt skrekkblanda fryd :) Visste det ville bli litt ekstra utfordring med ski over ryggen og med ekstra tung sekk og klatreutstyr. Men det er lyst lenge no og det handler om å gje seg tid. Så er det berre å nyte i veg og ikkje minst hugse på at batteriet og minnebrikka i kameraet er på stell. Vi drøya til kl var 10 før vi kom opp til Sognefjellshytta. Eit par meters sikt hadde vi, mange utenlandske bilar med nødlys. Eg skjønte ikkje med det samme kva det skulle vere godt for, men det var nok skodda som utløyste panikken! Dagens turmål enda på Sognefjellshytta med eit lynkurs i skodde prognoser på yr. Det skulle vise seg på ein prikk at den ville ligge dagen ut, og at morgendagens søndag ville bli den beste denne veka. Så her var det berre å ta ein tlf til heimen og høyre om ungdommen kunne tenke seg ei foreldre fri helg ;) Noko som selfølgelig var heilt Ok. Kos deg så mykje på fjellet mamma, dette blir supert for deg! Det var svaret i den andre enden. Litt betenkt!!! Men det var kanskje siste dags muligheit med ski. Eg hadde nokre toppar i Gaupne som eg kunne tenke meg. Det som reserve løysing resten av dagen og som ei erstatning ilag med eit besøk på Lustrabui. Dagen ville ikkje bli så verst likevel :)
Start ifrå Krossbu kl 06.00 søndagsmorgen.. Vi labba i veg og såg at snøen hadde minka mykje på ei veke. Hadde tenkt ruta opp Smørstabbrean, og opp det lågaste punktet mellom Kalven og Skeie. Såg forrige helg då vi var innom Storebjørn og Lillebjørn at der var ein fin oppgang. No hadde vi strålande ver og ein fin og grei opptur i klatrepunktet til Skeie. Men med litt ski plunder og ekstra tid! På toppen kom skodda på ny drivande ifrå vest, den la seg heldigvis litt i ro. Så vi fekk nyte synet av heile området og den fantastisk flotte ryggtraversen, vi skulle gå og klatre denne dagen. Mange på tur, men ingen i samme spor som oss idag! Etter ein velsmakande nistepakke med brunost og foto seanse på Skeie. Var det berre å rusle avgårde bort på Lillebjørn. Storebjørn droppa vi denne gongen, sidan vi var der forrige helg. Dette med tanke på tida til resten av traversen som ikkje var heil snøfri. Det var noko sleipt enkelte stader og balansepunktet var ikkje alltid det beste. Ei bra utfordring vart det då klatremessigt, ved Bjørneggen med skia på ryggen. Men så er det hittil den flottaste og heftigaste eggen eg har sett. Den er fin... :) Snakke meg om lykke å kunne få være i sånne omgivelsar. Ein følelse som blir veldig forsterka når ein er komt gjennom utan uhell og skader. Ein kjenner at kroppen er trøtt og sliten etter ein lang dag i rå og mektig natur! Skodda kom og gjekk, noko som gjorde til at naturen og fotograferinga vart fantastisk. Til endes av traversen tok vi ei rask avgjerd om å ikkje klatre opp Store Smørstabbtind. Det var begynt å bli seint på kveld og klokka var då alt 20.00 Vi skulle også heim til Jølster med ei køyretid på 3 timar og på jobb alle mandag. Eg har Store Smørstabbtind frå ein tidlegare sommartur ilag med Joar. Så eg var veldig fornøgd med dagens tur opplevelse :)

Takk for ein heftig og flott naturopplevelse Svein A og Stian A

Hytta til Svein og Mona på Turtagrø :)
Hytta til Svein og Mona på Turtagrø :)
Nydeleg Dag og vindstille! men minka utruleg på snøen i løpet av ei veke..
Nydeleg Dag og vindstille! men minka utruleg på snøen i løpet av ei veke..
Ein sint og redd liten kar på Smørstabbreen!
Ein sint og redd liten kar på Smørstabbreen!
Frå Kalven
Frå Kalven
Klar for klatreruta opp mot Skeie
Klar for klatreruta opp mot Skeie
 Første klatretur frå Kalven til Skeie
Første klatretur frå Kalven til Skeie
Skeie og Storebjørn
Skeie og Storebjørn
Ein matstopp på Skeie lenge sidan frukost kl 06.30..skodda dreiv trolsk rundt oss :)
Ein matstopp på Skeie lenge sidan frukost kl 06.30..skodda dreiv trolsk rundt oss :)
Heftig og fin topp å rappelere, med litt ekstra skibør...:)
Heftig og fin topp å rappelere, med litt ekstra skibør...:)
Ein nydeleg, heftig og  spesiell travers :)
Ein nydeleg, heftig og spesiell travers :)
Ein nydeleg, heftig og  spesiell travers :)
Ein nydeleg, heftig og spesiell travers :)
Trollsk og vakker stemning
Trollsk og vakker stemning
Trollsk og vakker stemning
Trollsk og vakker stemning
Siste del av tur og skodda hylla kvelden inn!! og siste rappell før fin telekøyring i vente på Leirbrean :)
Siste del av tur og skodda hylla kvelden inn!! og siste rappell før fin telekøyring i vente på Leirbrean :)
Siste del av tur og skodda hylla kvelden inn!! og siste rappell før fin telekøyring i vente på Leirbrean :)
Siste del av tur og skodda hylla kvelden inn!! og siste rappell før fin telekøyring i vente på Leirbrean :)

User comments

  • -
    avatar

    !!

    Written by arntfla 06.06.2014 12:38

    Dette så helt fantastisk ut. Måtte jeg være så heldig å få en slik tur ...

    • -
      avatar

      Sv: !!

      Written by Eikås 09.06.2014 00:31

      Ja, den var nydeleg fin :) fekk testa grense den dagen ;) :) Du hadde storkosa deg med fotoapparatet Arnt :) Den hadde vore fin å teke opp att uten ski....:)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.