Skeikampen og Avlundskampen (06.03.2015)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Skeikampen (1118moh)
Sluttsted Skei (787moh)
Turtype Langrennstur
Turlengde 4t 01min
Distanse 27,1km
Høydemeter 360m
GPS
Bestigninger Avlundskampen (1117moh) 06.03.2015
Skeikampen (1124moh) 06.03.2015

Flott skitur over Skeikampen og Avlundskampen. Første toppen var kanskje pinlig enkel, då eg sat på med stolheis til toppen. Deretter var det vidare mot Avlundskampen, der eg svingte av frå løypa for å nå toppen. Ganske fast snø utanfor løypene, gjekk bra å gå her sjølv med joggepinnar.

Deretter vart turen ein rein langrennstur i oppkøyrde løyper. Det vil seie at store delar av nettet var ikkje nypreparert etter siste snøfall og vindaktvitet, men det gir jo berre litt ekstra utfordring, det må ikkje nødvendigvis alltid gå på skinner :).

Strålande ver under toppturen. Det skya meir til etterkvart som eg kom ned mot lavlandet, men temperaturen var høg, plussgrader på 900 m.o.h. i starten av mars!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.