Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

I haven't joined any lists yet.

Løvstakken frå Bønes

Date:
06.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.7km

Har berre vore på Løvstakken ein gong før, og då gjekk eg rett opp frå Fjøsanger. I dag hadde vi satt av ettermiddagen, og ville ha ein tur som var hakket lengre. Litt vanskelege parkeringsforhold ved Bønesparken klokka halv seks ein torsdag ettermiddag, men vi fann plass til slutt. Passe bratt oppover første biten, og allereie på Gullstølen kan ein nyte god utsikt, og ta ein pause i gapahuken om ein vil. Etter Gullsteinen får ein eit stykke i lett terreng, og kan samle krefter til det siste bratte strekket opp på Løvstakken. Behageleg turvêr - lettskya, 8 grader, nesten vindstille, og ikkje veldig mykje folk på stien. Litt utilsikta tok vi ein annan trasè nedover, ikkje berre ein men to gongar. :-p Men alle stiar førte heldigvis til rett adresse, så då var det jo like greit >>>

Map    

Ulvenfjellet og Mikkelsvatnet

Date:
24.04.2021
Characteristic:
Walk
Duration:
4:00h
Distance:
3.1km

Med familien på ukjende stiar i dag - 7 grader og lettskya. Parkerte ved Os Knuseverk, og gjekk ein rundtur til Ulvenfjellet, ned til Mikkelsvatnet, og attende over Ådnedalsmyra. Stien opp var fin å gå, og sidan det er mange daude tre i området, så det er også mogleg å få litt utsikt mot sør og aust. På toppen er det derimot ikkje så mykje utsikt å snakke om, og med unntak av ein steinknaus på toppen, er det ikkje mange fine stader å slå seg ned. Det skya til og blåste opp litt, så det var på grensa til surt å sitje der. Stien ned til Mikkelsvatnet var bratt og våt, men vel nede ved vatnet var det lunare og hakket meir barnevennleg enn Ulvenfjellet. Over Ådnedalsmyra var det veldig bløtt - har bør ein ha støvlar eller høge fjellsko. Over myra var det ingen sti, og terrenget >>>

Map    

Borgafjellet

Date:
12.04.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
4.5km

Ettermiddagstur for å inspisere den nye dagsturhytta Borgabu + Borgly gapahuk, og for å få seg litt heilt nødvendig trim. Turen opp tok 25 minutt i rask gange. Det er ikkje mange stader ei kan få så god utsikt på ein så kort tur. Dagsturhytta er nesten ferdig, og ser verkeleg flott ut. Her blir det nok svært folksomt med både store og små på fine søndagar i sommarhalvåret, men det er heldigvis lagt til rette for mange sitjeplassar. Omlag 600 meter lenger inne på "vidda" ligg Borgly gapahuk - her vil vi nok også ta med ungane ved neste høve. Lettgått terreng, og sjølv med ein del snø på stien, tok det ikkje meir enn 10 minutt fra Borgabu. Gjekk ned att stien til øvst oppe i Hjellevegen - hakket kaldare når sola var gått ned, men veldig fin tur. Møtte relativt >>>

Map    

Liafjellet (Storevarden)

Date:
11.04.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
4.9km
Map