Ulvenfjellet og Mikkelsvatnet (24.04.2021)  3


Startsted Ved Os Knuseverk (50moh)
Sluttsted Ved Os Knuseverk (50moh)
Turtype Spasertur
Turlengde 4t 00min
Distanse 3,1km
Høydemeter 270m
Kart
Bestigninger Ulvenfjellet (316moh) 24.04.2021

Med familien på ukjende stiar i dag - 7 grader og lettskya. Parkerte ved Os Knuseverk, og gjekk ein rundtur til Ulvenfjellet, ned til Mikkelsvatnet, og attende over Ådnedalsmyra.

Stien opp var fin å gå, og sidan det er mange daude tre i området, så det er også mogleg å få litt utsikt mot sør og aust. På toppen er det derimot ikkje så mykje utsikt å snakke om, og med unntak av ein steinknaus på toppen, er det ikkje mange fine stader å slå seg ned. Det skya til og blåste opp litt, så det var på grensa til surt å sitje der.

Stien ned til Mikkelsvatnet var bratt og våt, men vel nede ved vatnet var det lunare og hakket meir barnevennleg enn Ulvenfjellet. Over Ådnedalsmyra var det veldig bløtt - har bør ein ha støvlar eller høge fjellsko. Over myra var det ingen sti, og terrenget skråa oppover, og den einaste stien vi kunne sjå gjekk bratt oppover mot Vardafjellet, så vi vart usikre på om det var råd å gå her - heldigvis kunne vi spørje ein annan turgåar om hjelp, og han stadfesta at vi skulle krysse myra og gå opp "passet", før stien gjekk nedover att. Og stien ned var hakket brattare enn vi hadde sett for oss for slitne barneføter og skrøpelege kne.

Som trimtur er Ulvenfjellet ypperleg, dersom du går den sørlege ruta rett opp. For born finst det betre alternativ i nærområdet - Mikkelsvatnet var fint, men turen opp ikkje så barnevennleg. Truleg betre å gå frå Drange i så fall, men det får bli ein annan gong.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.