Nakkestøyt (18.07.2023)

Skrevet av ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Turlengde 3t 50min
Distanse 14,2km
Høydemeter 1514m
GPS
Bestigninger Fagersetnøse (1462moh) 18.07.2023
Stornakken (1434moh) 18.07.2023
Tverrnakken (1504moh) 18.07.2023
Tverrnakken Sør (1472moh) 18.07.2023
Veslenakken (1471moh) 18.07.2023
Vest for Stornakken (1368moh) 18.07.2023

Vegen opp i Nakkeheimen er stengd med ein bom med sopass krasse oppslag at ein kan tru at nokon helst hadde sett for seg eit allment ferdsleforbod. Slikt bit ikkje på meg, men høgdemetrane beit godt, og nokre stader var det ikkje nok med krabbegir for å halde pulsen nede. Oppe på kammen slår det meg at om du vil betale for å liggje i ein landskapsskjemmande plastkuppel - då er du velkomen uavhengig av framkomstmiddel. Det vel eg å ikkje henge meg opp i.

Støl på kanten
Støl på kanten

Gøyme sykkel, opp på Fagersetnøse via ryggen frå vest.

Ein nakkestein. Hundesteinen sitt rike i bakgrunnen.
Ein nakkestein. Hundesteinen sitt rike i bakgrunnen.

Det går raskt opp på Tverrnakken sørtopp.

Opp på Stornakken er det litt brattare. Her kan ein studere dei minst tilgjengelege delane av fjella mellom Vangsmjøse og Bygdin, med mareritt-nedtappa Steinbusjøen i framgrunnen, Zappfe sitert i bildetekst;

Inn mot Yksndalen. "Norges grav, det nedtappede Norge med sjælegjørmen" i framgrunnen.
Inn mot Yksndalen. "Norges grav, det nedtappede Norge med sjælegjørmen" i framgrunnen.
Regn også i Hundesteinen sitt rike
Regn også i Hundesteinen sitt rike

Stornakken har ein vesttopp (kriterium >= 50 m PF, sjølvsagt). Nedanfor driv tamreinen kvilelaust i kring.

Slik det ser ut frå "Vest for Stornakken"
Slik det ser ut frå "Vest for Stornakken"

So sto det att å krysse over til Veslenakken.

Ned til sykkel. Mykje bremsing. Sprutregn ved E16.

Regnboge over Vennis
Regnboge over Vennis

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.